NRK Meny
Normal

Skjebnedag for skulane - følg tilrådinga direkte i nett-TV

Torsdag blir ein spennande dag for mange elevar og tilsette ved dei vidaregåande skulane i fylket.

Sogndal, Hafstad og Dale vidaregåande skular

FLEIRE KAN FORSVINNE: I samband med at elevtalet går kraftig ned dei komande åra, og fylkeskommunen får mindre pengar til vidaregåande skular, må dei gjere grep. I dag finst det 13 vidaregåande skular, men om det blir like mange i framtida er slett ikkje sikkert.

Foto: NRK

Kva vidaregåande skular skal Sogn og Fjordane ha i framtida? Kor dei skal ligge, og kva tilbod skal dei forskjellige skulane ha?

Skuledebatten har rasa i fylket sidan i haust. No nærmar kampen for dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane seg slutten.

Sjå sendinga direkte i ruta under. Du får best nytte av overføringa om du vel fullskjermmodus oppe til høgre i videoruta.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Sogn og Fjordane Fylkeskommune Web-TV» i nytt vindu

Endeleg avgjerd i juni

Tore Eriksen

KJEM MED TILRÅDINGA: Det er fylkesrådmann Tore Eriksen som skal leggje fram tilrådinga torsdag føremiddag

Foto: Oskar Andersen

I morgon kjem innstillinga frå fylkesadministrasjonen på kva skular og kva tilbod fylket bør ha i framtida.

I samband med at elevtalet går kraftig ned dei komande åra, og fylkeskommunen får mindre pengar til vidaregåande skular, må dei gjere grep. I dag finst det 13 vidaregåande skular, men om det blir like mange i framtida er slett ikkje sikkert.

Spent fylkesordførar

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes

SPENT: Fylkesordførar Åshild Kjelsnes veit ikkje kva administrasjonen har kome fram til. Ho er i Førde i morgon for å følgje framlegginga til fylkesrådmannen.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) seier mange er spente på kva administrasjonen går inn for. Sjølv veit ho ikkje kva som kjem fram i morgon.

– Dette blir ein spennande dag for oss alle. Eg skal vere til stades under framlegginga i Førde i morgon. Fylkesrådmannen har hatt ein ryddig prosess og eg veit ikkje kva som kjem fram. Vi er mange som er veldig spente, for dette er ikkje noko vi ønskjer å gjere, seier ho.

Kjelsnes peikar at fylket har mange gode skular, men at det der viktig å sikre framtidige elevar god kvalitet. Når elevtalet går ned dei neste åra, må det takast grep for at skulen framleis skal vere robust.

– Vi er veldig godt nøgde fordi vi har veldig gode skular. No går vi inn i ein ny fase.

Stor respekt for engasjementet

Truleg er det skular som Stryn, Høyanger, Jølster, Dale og Luster som er i faresona når administrasjonen legg fram forslaget sitt. Utkastet til skulebruksplanen har vore ute på ei brei høyring og det har kome inn over 200 høyringsfråsegner.

For fylkesordføraren har det vore viktig med ein open og lang høyringsprosess.

– At det har kome inn over 200 fråsegner, viser kor stort engasjementet er og kor viktig dei vidaregåande skulane er for lokalsamfunna. Vi fylkespolitikarar har stor respekt for det.

Overtek stafettpinnen i morgon

Innsparingsbehovet fram mot 2024 ligg mellom 72 og 97 millionar kroner, noko som betyr at fleire av dagens 13 vidaregåande skular kan forsvinne.

Når fylkesrådmann Tore Eriksen har lagt fram tilrådinga si, går stafettpinnen vidare til fylkespolitikarane som skal ta endeleg avgjerd i juni.

– Alle tykkjer det er veldig krevjande, men vi må ta ansvar. Dette er den mindre hyggelege delen av å drive forvalting. No må vi bruke tida fram til fylkestinget til å setje oss inn i realitetane. Alle partia set seg no ned og går nøye gjennom tilrådinga.

Sjølv om den endelege skjebnedagen blir i juni, meiner Kjelsnes at også morgondagen blir oppfatta slik for mange.

– Det blir ein skjebnedag for dei mange som blir berørte og som får sett søkelyset på sin skule. Det er ein skjebnedag for oss politikarar også, for no må vi ta den alvorlege avgjerda, seier Kjelsnes.

Direkte i nett-TV

Sogn og Fjordane fylkeskommune sender presentasjonen av skulebruksplanen direkte i nett-TV. Du kan også følgje sendinga på nettsida til NRK Sogn og Fjordane. Sendinga startar torsdag 16. mai klokka 09:30.