Hopp til innhold

Korleis få betre langrenns-teknikk

Sjå korleis du kan forbetre teknikken din i langrenn: Tidlegare verdscupløpar Asgeir Årdal viser deg sine beste triks!

Asgeir Årdal

INSTRUKTØR: Asgeir Årdal lærer deg korleis du skal gå på ski.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Folk har forbetringspotensiale på ski, meiner Asgeir Årdal.

Han er ein aktiv skiløpar, og starta eige kurs i Sogn og Fjordane i 2011 - rett og slett for å lære folk flest god teknikk. No i 2015 har han framleis kurs. Han merkar at det framleis er stor interesse, og på Langeland er det ei stor brukarskare som ynskjer å forbetre teknikken. Det er alt frå folk folk i 20-åra og oppover.

Har ofte lyst til å seie ifrå...

– Når eg går på Langeland og trenar, har eg ofte lyst til å seie ifrå til folk som kan forbetre teknikken sin, seier Årdal.

Den tidlegare toppidrettsutøvaren jobbar i dag som idrettslærar på vidaregåande i Sogndal og på Mo og Øyrane og var tidlegare sportssjournalist i Firda. Han tykkjer det er moro å lære frå seg.

Han har satsa mest på sprint, og har topp ti-resultat frå NM som beste prestasjon. I tillegg har han gått Birkebeinerrennet på 2.50. Han driv i dag opplæring i skiteknikk gjennom skitime.no

Sjå kvar einskild teknikk her:

KLASSISK:

Diagonalgang er den vanlegaste måten å gå på ski klassisk. Det er viktig med tyngdeoverføring og gli på skia.

Asgeir Årdal lærer deg skiteknikk. Her er det diagonalgang

Asgeir Årdal demonstrerer diagonalgang. Foto/red: Heidi Lise Bakke

Dobbelttak med fraspark er fint å bruke der det er flatt eller lett terreng. Vanlege turløparar slit ofte med denne teknikken. Stavtaket og fråsparket må vere på same tid.

Asgeir Årdal lærer deg skiteknikk. Her er det dobbelttak med fraspark

Asgeir Årdal demonstrerer dobbelttak med fråspark. Foto/red: Heidi Lise Bakke

Dobbelttak eller staking er teknikken du brukar i flatt terreng eller i nedoverbakke. Den vanlegaste feilen er at folk bøyer knea for mykje.

Demonstrasjon av dobbelttak eller diagonalgang. Foto/red: H. L. Bakke

Asgeir Årdal demonstrerer dobbelttak. Foto/red: Heidi Lise Bakke

SKØYTING:

Padling blir brukt i bratte motbakkar. Då er det viktig å henge på staven. Hugs at i skøyting må ein ha lange stavar. Dei skal gå over skuldra og rekke nesten til nasen.

Asgeir Årdal har demonstrasjon av padling. Foto/red: H. L. Bakke

Asgeir Årdal demonstrerer padling. Foto/red: Heidi Lise Bakke

Enkeldans er den teknikken du brukar i lette parti og slakt nedover. Dess høgare fart, dess meir brukar ein enkeldans.

Asgeir Årdal har demonstrasjon av Enkeldans. Foto/red: H. L. Bakke

Asgeir Årdal demonstrerer enkeldans. Foto/red: Heidi Lise Bakke

Dobbeldans er fin å bruke i slake oppoverbakkar før ein går over til padling. Her er det viktig å få tyngda heilt over skia.

Asgeir Årdal har demonstrasjon av dobbelldans. Foto/red: H. L. Bakke

Asgeir Årdal demonstrerer dobbeldans. Foto/red: Heidi Lise Bakke

Sjå skikurset på Langeland:

Skikurs for vanlege folk på Langeland. Asgeir Årdal har kurset.

Video frå skikurset: Foto/redigering: Heidi Lise Bakke