Hopp til innhold

Her sluttar skispora i lause lufta...

Morten Knapstad og kompisane hadde ideelle forhold då dei gjekk på ski opp på Frudalshesten (1535 m.o.h.) i Sogndal – og flaug ned att.

Her ender skispora

SLUTT: Skispora til Morten Knapstad og kompisane enda i lause lufta på Frudalshesten i Sogndal.

Foto: privat

– Det var ein super dag. Alt stemde, både vêr og føre var heilt perfekt, seier Knapstad.

Det var i januar at vossingen og tre kompisar såg at meteorologen melde kongeforhold i Sogn. Og slikt kan ein ikkje la gå frå seg når ein driv med speedriding – altså går opp på fjelltoppar, og flyg ned att.

– Eg jobbar i Nordsjøen, og då utnyttar vi friperiodane til å reise på turar som dette, seier Knapstad.

Køyrde ned austsida

Dermed sette gjengen seg i bilen, hekta på campingvogna, og suste til Sogndal. I ei heil veke koste dei seg på fjelltoppane i Sogndalsdalen, mellom dei Frudalshesten.

Morten Knapstad

AKTIV: Morten Knapstad brukar alt av fritid på å utøve hobbyen sin freeriding.

Foto: Jan-Tore Solberg

– Vi gjekk fleire toppar, og det var utruleg gode forhold. Det hadde vore folk før oss på Frudalshesten, så det var greie spor å gå i opp, fortel Knapstad.

Karane bestemde seg for å køyre ned austsida – og det er ein plass du ikkje vel å køyre ned viss du ikkje vil gå opp att, for å gå ned på andre sida. Viss du ikkje har skjerm på ryggen då.

– Vi hadde køyrt der éin gong før, og det var difor vi ville opp att. Det er ein super topp, seier Knapstad.

(Artikkelen held fram under videoen)

Sogndalsdalen er eit eldorado

Han har drive med speedriding sidan 2006, og var ein av dei første i Norge som tok til med sporten som utvikla seg i Alpane tidleg på 2000-talet.

– Vi var ein gjeng som kjøpte oss utstyr den gongen, og sidan har vi floge. Det har vorte mange turar etter kvart, både innanlands, men også utanlands, seier Knapstad.

Han held fram Sogndalsdalen som eit eldorado for denne typen sport.

– Fjella i Sogndal er svært godt egna for dette. I Sogndalsdalen er det mykje terreng der du kan stå på ski ei god stund før du må fly, seier Knapstad.

Han har fleire toppar i Sogn som han gjerne vil opp på når sjansen byr seg.

– Både Skriki (1227 m.o.h.) og Sogndalseggi (1384 m.o.h.) er stader vi har lyst til å køyre, seier Knapstad.

  • LES OGSÅ:

(Artikkelen held fram under biletet)

Rett før

SNART I LAUSE LUFTA: Slik ser det ut rett før skiløparen forlet snøen og legg ut på flygeetappen.

Foto: privat

Men påsketur vert det ikkje...

Men viss nokon trur han skal ut og fly i påska, så tek dei feil. Då må han nemleg på jobb.

– Men vi får planleggje kva turar vi skal ta etter påske. Det er framleis mogleg å gå på fine toppar. Og dette er noko ein eigentleg kan drive med heile året, så lenge det er snø på toppane, seier Knapstad.

For sjølv om ein har ski på beina, treng ein ikkje ha snø å lande på.

– Det går heilt fint å lande på gras. Du kan jo lande på hardare underlag også, men då øydelegg ein fort skia, seier Knapstad.

(Artikkelen held fram under biletet)

På veg opp Frudalshesten

PÅSKESTEMNING: Her er karane på veg opp Frudalshesten ein dag i januar.

Foto: privat

Meiner det er ein trygg risikosport

Når ein ser på videoen, kan ein nesten kjenne at det kitlar i magen når skia plutseleg er i friluft. Men det er ei kjensle som fort går over når ein har gjort det mange nok gonger.

– Ein blir jo van med det. Men ein er alltid litt spent når ein flyg på nye stader. Det er snakk om meistring, og du veit ikkje alltid heilt kva som møter deg, seier Knapstad.

Han understrekar at tryggleik alltid er i høgsetet, og i motsetnad til i Alpane, der det har vore mange ulykker med denne sporten, har det vore få av sorten i Norge.

Per i dag er det om lag 250 som har lisens for å driv med speedriding i Norge. For du må ha både kurs og lisens for å hoppe utfor ein fjelltopp med både ski og skjerm.

– Det er strenge reglar for at det skal vere så trygt som råd, seier Knapstad.

Klar for flyging

I LAG: På turen til Frudalshesten var det fire kompisar som var på tur. Her er ein av dei fanga med kamera rett før han lettar.

Foto: privat