NRK Meny
Normal

Skiskyttarmamma gir seg etter OL

Skiskyttarmamma Ann Kristin Aafedt Flatland (30) nærmar seg comeback etter fødselen, men har allereie bestemt seg for at OL i Sotsji 2014 blir siste stopp.

Ann Kristin Flatland

PUNKTUM: Skiskyttar Ann Kristin Aafedt Flatland er nybakt mamma og satsar knallhardt mot OL i Sotsji i 2014, men etter det kan det vere slutt.

Foto: Junge, Heiko / Scanpix

Eit halvt år etter at dottera Anne kom til verda, er Flatland tilbake i nesten fullt firsprang.

Sidan august har 30-åringen med ein verdscupsiger bak seg trena med eitt mål for augo: OL.

– Eg ser akkurat no fram til OL og ikkje lenger enn det, seier Ann Kristin Aafedt Flatland til NTB.

– Ja, OL i Sotsji blir punktum for meg, stadfestar ho derimot overfor Aftenposten.

Vil tilbake

7. januar i fjor vant ho sprinten i Oberhof. 20. mars gjekk Flatland sitt førebelse siste verdscuprenn.

I 2011 vann ho sitt første verdscuprenn og VM-gull i miksstafett.

– Planen var å trene bra i seks månader, men eg har vore sjuk i tre haustveker, så eg håpar å vere tilbake i renn i februar. Målet er å trene meir for å komme tilbake på det nivået eg hadde før fødselen. Konkurransemessig tenkjer eg mest på neste år.

Tankevekkarar

Vik-jenta ser ingen grunn til å ringe rundt for tips og råd frå andre suksessrike idrettsmødrer, som til dømes Liv Grete Poiree.

– Eg prata med Liv Grete før fødselen, men eg tenkjer at alle fødslar er ulike, vi er ulike, borna er ulike. Det fins ingen fasit på korleis det blir etterpå. Det siste halve året har bydd på mange gleder og fleire tankevekkarar.

– Eg får sett litt frå den andre sida, kor sjølvopptekne vi idrettsutøvarar er. Eg har fått noko nytt i livet som gir mykje glede. Sjølv om ein må gje avkall på enkelte ting som litt søvn, gir det ein ny dimensjon å bli mor. Kanskje var det avgrensinga mi før, at eg tenkte vel mykje på idretten, seier Flatland.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.