Hopp til innhold

Skiskyttarar frå Vik flaggar ut

Ann Kristin Flatland og skiskyttarane i Vik skal ikkje lenger representere Sogn og Fjordane.

Ann Kristin Flatland
Foto: Heiko Junge / Scanpix

- Vi er den einaste klubben i Sogn som driv med skiskyting, dessverre. Medan rett over grensa til Hordaland er det mykje meir aktivitet.

Det seier Ann Kristin Flatland.

Lettare etter vinterope fjell

Vinteropninga av Vikafjellet er utløysande årsak til at skiskyttarane i Vik flaggar ut.

- Då Vikafjellet fekk endra status til vinterope fjell for nokre år sidan vart det mykje sikrare for oss, enn då vi kunne risikere ein stengd veg, seier Flatland.

- Ann Kristin viktig for fylket

27-åringen frå Vik har i mange år vore den største skiskyttarprofilen frå Sogn og Fjordane, og har alltid vore lojal til moderklubben.

Det har vore viktig, meiner leiar Marit Hjelle i skiskyttarkrinsen.

- Ho har vore ein god marknadsførar for skiskyting i Sogn og Fjordane, det ser vi berre på rekrutteringa, seier Hjelle.

Ho trur den effekten vil halde fram, sjølv om Flatland skiftar klubb.

- Folk vil kjenne igjen ho og framleis ha eit forbilde i henne.

Synes det er leitt å miste miljøet

Det var årsmøtet i skiskyttargruppa som vedtok at Vik skulle søkje om overflytting til Hordaland.

Ingenting tyder på at søknaden ikkje går gjennom i forbundet.

Skiskyttarkrinsen har full forståing for at Vik søkjer seg sørover, men synest det samstundes er leitt å miste eitt av dei store miljøa sine, seier Hjelle.

- Samstundes ser vi at det er andre klubbar som er i vekst.