NRK Meny
Normal

Skisenter kan miste nesten halvparten av opningsdagane

EID/SOGNDAL (NRK): Skisenter over heile landet går ei dyster framtid i møte. Klimaendringane kan stenge skisenter i låglandet og verst går det utover Vestlandet.

Harpefossen snømangel

VÅTT: Ida Marie Gildestad trur fleire og fleire skisenter vil sjå ut som dette i tida framover.

Foto: webcamera / Skiinfo.no

– Anlegg som ligg lågare enn 500 meter over havet vil få det tøft, seier Ida Marie Gildestad, som er forskar ved Vestlandsforsking.

Ho er del av ei forskargruppe som har samla inn snøinformasjon frå skisenter i heile landet. Resultatet la ho fram under Fjellsportfestivalen i Sogndal denne veka. Rapporten dei jobbar med viser at klimaendringane vil påverke alle skisenter i åra framover, spesielt i perioden 2030 til 2050.

Verst for Vestlandet

Årets vinter har vore den mest snøfattige sidan 1950-talet, viser tal frå NVE. Og verre skal det bli, skal vi tru forskaren.

– Nedbøren vil i større grad vil komme som regn grunna klimaendringane. Det vil smelte snøen, fram mot 2030, seier Gildestad.

Ida Marie Gildestad

FORSKAR: Ida Marie Gildestad forskar på korleis framtida ser ut for skisentera med tanke på klimaendringar.

Ho reknar med at skisenter på Vestlandet vil risikera at 30–40 prosent av opningsdagane vil forsvinna som følgje av klimaendringane.

Kan det bety at skisenter må legge ned?

Ja, i verste fall. Dei som er hardt råka av snømangel allereie no vil berre få det verre i åra framover, seier ho.

Ho seier vidare at meir produksjon av kunstsnø vil kunne halde skisentera opne, men for å produsere snø treng ein minusgrader. Og det kostar pengar.

Og dette er ikkje unikt for Vestlandet, på Sørlandet har dei slite med snø i skisentera i år, det same i Buskerud. Og i Østfold jobba folk natt og dag for å laga nok kunstsnø til å opne to kilometer med langrennsløyper, trass i at fire av ti nordmenn trur ikkje at dei kjem til å gå på ski i vinter.

Jølster skisenter med snømangel

MÅTTE AVLYSA: Slik såg Jølster skisenter ut for nokre veker sidan. Dei skulle ha junior-NM i alpint, men måtte flytta det til Voss av openberre årsaker.

Foto: webkamera

Ser stor skilnad

Harpefossen skisenter i Nordfjord har alt merka endringane. Denne veka fekk dei eit snøfall, før det har det vore tørt sidan starten av januar.

Og skilnaden på låge og høgareliggande delar av skitrekket er stor.

– Her nede ser vi at det har kome åtte centimeter nysnø. Vi kunne ikkje ha opna om det ikkje var for at vi hadde kunstsnø i botnen, seier Per Gunnar Gilleshammer, som er styremedlem i Harpefossen skisenter.

Per Gunnar Gilleshammer

MÅLER SNØEN: Per Gunnar Gilleshammer konstaterer at det har kome 30 centimeter meir snø oppe i høgda i skianlegget på Harpefossen.

Anlegget er delt i to, der den øvre delen startar på om lag 500 meter over havet, som er den høgda forskaren nemnde kan bli avgjerande i om få år.

– Her er det 38 centimeter, seier Gilleshammer, etter å ha brukt meterstokken sin i nysnøen.

– Vert du skremt av spådommane til forskarane?

– Eg vert ikkje skremt. Men eg ser at vi ikkje berre kan sette oss ned og tru at dette går over, seier han.

Fleire av skianlegga på Vestlandet vil få det tøffare dei neste tiåra. 
  

Sjå TV-saka frå Vestlandsrevyen.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.