NRK Meny
Normal

Skipstunnel meir lønsam enn trudd

Ein ny rapport syner at netto nytteverdi av Stad skipstunnel er større enn det som tidlegare har komme fram.

Nygård og rapport

NØYE: Selje-ordførar, Ottar Nygård, går nøye gjennom kvalitetssikringa av Kystverket si utgreiing av Stad skipstunnel.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen fekk tysdag klokka 14:00 overlevert kvalitetssikringa av Kystverket si utgreiing av Stad skipstunnel.

Denne kvalitetssikringa skal avklare dei siste spørsmåla før regjeringa skal ta stilling til prosjektet som det har vore snakka om i 25 år.

Ligg inne i NTP

Eitt av dei springande punkta har vore spørsmålet kring samfunnsøkonomisk nytteverdi. Regjeringa har lagt inn tunnelen i Norsk Transportplan (NTP) rundt 2020, men det er under føresetnad at tunnelen har samfunnsøkonomisk nytteverdi.

I kvalitetssikringa kjem det fram at den såkalla netto nytteverdien er større enn det som tidlegare har komme fram, men nytteverdien er framleis negativ.

Framleis negativ nytteverdi

Kystverket har tidlegare sagt at tunnelen har samfunnsøkonomisk nytteverdi og laga ein rapport om det. Men fekk beskjed av regjeringa om at dette måtte dei ta att. Då vart derimot konklusjonen motsett, at tunnelen ikkje hadde nokon samfunnsøkonomisk nytteverdi.

No har kvalitetssikringa av Kystverket si utgreiing konkludert med at skipstunnelen framleis har negativ samfunnsnytte. Rett nok meiner kvalitetssikrarane at samfunnsverdien i skipstunnelen er betre enn det Kystverket meinte, men framleis reknar ein den negative samfunnsnytten til minus 900 millionar kroner.

Fleire faktorar er ikkje tekne med

Ein viser også til at det er mykje som ikkje er teke med, til dømes turisme. Ein stiller også spørsmål til om levetida til tunnelen, som er sett til 25 år, er sett for kort.

Selje-ordførar Otter Nygård var ein av dei som bladde spent i den omfattande rapporten, og han er ikkje overraska over konklusjonen.

– Det forundrar meg ikkje så veldig, men likevel ser resultatet betre ut enn førre gong. Sist var den negative samfunnsnytten på 1,6 milliardar kroner, no er dei nede i 910 millionar, seier Nygård.

Han peikar også på at dersom ein kan endre kalkulasjonsrenta frå 4,5 til 3,5, så er ein nede i minus 640 millionar kroner. Trass i at tala er negative, vil ikkje Nygård kalle dagens utfall eit skot for baugen.

Må jobbe for å få med fleire punkt

– Dette er som venta. Eg tykkjer dei har teke inn over seg ein del ting som vi venta at dei skulle gjere, men eg hadde også håpa at dei skulle komme med meir av det som dei ikkje har sett verdien av tidlegare. Det har dei nok ikkje vurdert, og det må vi jobbe med for å få med inn i prosjektet, seier Nygård.

Nesten uansett kva som skjer, så må Stad skipstunnel gjennom ei ny utgreiing på detaljnivå på prosjektet, som går heilt ned på finkalkylen. Dette er noko som heiter kvalitetssikring 2, og som må på plass før eit prosjekt av denne storleiken vert lagt fram for Stortinget.

Kor lang tid ei slik kvalitetssikring vil ta, er førebels uvisst.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video nsps_upload_2009_2_4_15_21_50_1015.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Slik blir Stad skipstunnel

Startskotet for politisk dragkamp

Det er venta at rapporten som vart lagt fram i dag, vil vere startskotet for den politiske dragkampen.

Det er venta at Berg-Hansen no kan seie at tunnelen blir lagt fram for Stortinget i haust, og dermed kan også det politiske løpet starte som handlar om å vinne partia på Stortinget for sitt syn.

– Kva vil de gjere i tida framover for å få det resultatet i Stortinget som de ønskjer?

– Det er no prosessen med å påverke startar. Like over påske vil vi samle styringsgruppa, gå gjennom heile rapporten, og utarbeide strategiar for å påverke det politiske miljøet, seier Nygård.

– Kven er det det blir viktigast å påverke?

– Det er ikkje tvil om at jokeren i dette her er Arbeidarpartiet, seier Nygård, og han har god tru på at dei skal klare å få partiet med på laget.

– Eg har stor tru på at når dei ser den betringa som ligg føre i rapporten, og vi ser og veit kva dei framleis ikkje har lagt inn i den, så har eg stor tru på at dette skal vi få til, seier Nygård.

Tunnelen må verte brukt

– No har vi fått ein rapport som har gått gjennom dei alternativa som tidlegare er skisserte. Det er ein viktig og avgjerande prosess for korleis vi handsamar saka vidare, seier fiskeri- og kystminster, Lisbeth Berg-Hansen.

– Når det gjeld nytteverdi, kva inntrykk fekk du av presentasjonen?

– Det var ein grundig presentasjon som peikte både på dei moglegheitene og utfordringane ein har i høve kost-nytte, seier Berg-Hansen.

Ho peikar på at noko kan ein prissette, medan andre ting er verre å prissette.

– Skal ein gå vidare med dette prosjektet, så må det bli brukt. Då er dette med hurtigbåttrafikk eit vektig element i forhold til kva utfall ein vil lande på, seier Berg-Hansen.

Ligg framleis langt fram i tid

Ho understrekar at skipstunnelen uansett ligg langt fram i tid.

– Det vil uansett ta nokre år. Å byggje ein slik tunnel vil også ta nokre år. No skal vi lese rapporten og gå grundig gjennom han. Så skal vi diskutere det i regjeringa og komme med ei anbefaling vidare til Stortinget, og slike prosessar tek tid, seier Berg-Hansen.

Ho meiner ein iallfall før sommaren må ha komme fram til nokre val i forhold til vegen vidare.

Skipstunnelen har vore gjennom 17 tidlegare utgreiingar, og overleveringa av rapporten tysdag markerer slutten på departementet sine faglege vurderingar av prosjektet.

Nå skal ein vurdere prosjektet for vidare politisk behandling. Ifølgje rapporten er det ønskjeleg med ytterlegare forundersøkingar.

Vegopning på Bergum i Førde kommune