Skipstunnel kan gi hurtigbåtrute mellom Bergen og Ålesund

Stad skipstunnel opnar for ei hurtigbåtrute langs vestlandskysten, viser ein fersk rapport. Men først må pengane på bordet til bygging av tunnelen.

Stad skipstunnel Kystruten

STAD SKIPSTUNNEL: Han vil bli verda første skipstunnel, og vere 1,7 kilometer lang, 37 meter høg og ha ei bredde på 36 meter. Kva sum tunnelen vil ende på har variert, den siste utgreiinga viste 3,7 milliardar kroner, 1 milliard meir enn Kystverket trur. Difor skal Kystverket no gjere ei ny utrekning.

Foto: Kystverket/Snøhetta

Prosjektleiar Randi Paulsen Humborstad i Stad skipstunnel seier rapporten er positiv.

– Det er fordi han tilrår at det blir oppretta ei hurtigbåtrute mellom Bergen og Ålesund. Utan Stad skipstunnel blir det aldri hurtigbåtrute mellom Selje og Ålesund, seier ho.

I dag stoppar hurtigbåten i Selje, rett sør for Stad, fordi båtane ikkje får lov til å gå over det verutsette Stadhavet.

Vil ha oversikt over moglegheitene

Ein skipstunnel ved Stad har blitt sett på som heilt avgjerande for at det skal opprettast eit hurtigbåttilbod. I omtalen av skipstunnelen har det blitt lagt vekt på at det er viktig med ei båtrute som knyter Selje nordover mot Sunnmøre.

Jenny Følling

FYLKESORDFØRAR: Jenny Følling (Sp) seier rapporten enno ikkje behandla politisk.

Foto: ODDMUND HAUGEN / NRK

Fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling (Sp), seier rapporten blei bestilt av tre av fylka i Vestlandsrådet fordi eit hurtigbåtsamband mellom Ålesund og Bergen er ei moglegheit når Stad skipstunnel blir bygd.

– I samband med at hurtigbåttilbodet skal ut på anbod til hausten, er det ein fordel å vite kva moglegheiter som ligg for ruter. No har rapporten kome og vi skal sjå på dei tilrådingane som ligg der. Det som blir viktig vidare no, er at dei tre fylka som står bak må diskutere saka i lag og finne ei god løysing.

Viktigast med framkomst og utslepp

I rapporten er det skissert fem ulike forslag til rutetilbod (sjå faktaboks), der det mellom anna er sett på rutetilbodet, utslepp, passasjertal og utgifter.

  • Det er sett på rutetilbod med to, tre eller fire båtar
  • Talet på daglege passasjerar er estimert frå 10 færre til 440 fleire, avhengig av kva løysing som blir valt
  • Kostnadene varierer frå to millionar i overskot til 16 millionar kroner i underskot
  • Det er estimert ei endring i klimautslepp og lokale utslepp frå 25 prosent til 150 prosent
  • Båt vil vere 60 til 90 minutt raskaren enn med bil på strekninga Bergen – Ålesund

Tilrådinga frå konsulentselskapet er ei rute med to båtar der båtane startar i Selje og Florø og sluttar på motsett stad, noko som fører til at strekninga Florø-Måløy-Selje blir styrka.

– Når det gjeld hurtigbåtar er det framkomst og utslepp som er dei to faktorane som blir vekta høgst. Det blir også avgjerande for dei nye rutene som må komme i tillegg.

Reknar med staten blir med

Følling reknar med det blir høgare utgifter om dei bestiller ruter med nullutslepp.

– Men vi forventar at regjeringa kompenserer oss for dei kostnadene. Dette er eit utgift som fylka ikkje kan bli sitjande åleine med når vi skal ta klimaansvar.

– Kor viktig er det å knyte saman Nordfjord mot Ålesund båtvegen?

– Det vil bli betre framkomst ved å ha eit hurtigbåtsamband nordover. Vi trur det vil vere viktig, noko både Hordaland og Møre og Romsdal er samde i. Det er viktig for transport av passasjerar, turisme og næring, seier Følling.

Trudde det skulle bli dyrare

Randi Humborstad

PROSJEKTLEIAR: Randi Humborstad kjempar for at skipstunnelen skal bli bygd.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Randi Paulsen Humborstad som kjempar for at skipstunnelen skal bli bygd, skulle ønskje det blei lagt meir vekt på reiseliv i rapporten. Ho meiner også at han er lite framtidsretta når det gjeld miljøteknologi. Men når det gjeld utgiftene, tykkjer ho ikkje at er avskrekkande.

– Eg trudde det skulle vere dyrare. Sjøvegen er framtida, og han ligg der som ein vedlikehaldsfri motorveg. Eg meiner at båtar bør bli mykje viktigare i lokaltransport av folk og varer. Det meiner eg politikarane våre må sjå og at dei vil vere med på å bidra til at eit hurtigbåtsamband blir realisert.

Humborstad har allereie brukt rapporten som eit argument for at skipstunnelen skal bli realisert.

– Vi har allereie vore hos samferdsledepartementet og lagt fram rapporten. I tillegg jobbar Kystverket med å få ned kostnadane på bygginga av tunnelen på bestilling frå departementet. Og når det gjeld samfunnsnytten av skipstunnelen, er hurtigbåtsamband eit viktig argument, seier ho.

Ventar på klarsignal

Rapporten er enno ikkje behandla politisk, og skal handsamast både i Vestlandsrådet og fylkestinget. Sidan det ikkje er klart når ein skipstunnel kan stå ferdig, må anboda som skal gjelde frå 2022, lysast utan ruter mot Ålesund.

– Dette vil bli eit tilleggskjøp når vi ser om tunnelen blir bygd, vi kan ikkje bestille ruter før det er gitt oppstartssignal. Men det er viktig å ha ei utgreiing slik at vi ser kva moglegheiter som ligg der, seier fylkesordførar Jenny Følling i Sogn og Fjordane.