Hopp til innhold

Skipsreiar vil leige meir av Nausta

Skipsreiar John Fredriksen vil leige større delar av elva Nausta i Naustdal, skriv Firda.

Fredriksen er den rikaste mannen i Noreg og den største fiskeoppdrettaren i verda, og han har kome til Nausta i ei årrekkje for å fiska laks. 

No ynskjer han å utvide fiskerettane sine til å gjelda dei heilt sentrale delane av elva, stadfestar to av grunneigarane til Firda i dag.

Rolf Kleven er ein av grunneigaren som leiger ut til Fredriksen, og han opplever skipsreiaren som ein positiv kar som er glad i Naustdal.

- Han kan ha heile verda som fiskeområde, og han er ikkje avhengig av å kome hit utan at han likar seg, seier Kleven til avisa.