Mannen vart pågripen då han med 40 passasjerar og 6 bilar om bord la til kai i Vik, skriv VG.
Det stadfestar lensmann i Vik, Agnar Dregelid.
Politiet pågreip føraren av M/S "Sylvarnes" som trafikkerer i Sognefjorden, om føremiddagen den 17.juli.
Politiet fekk tips om hendinga etter at båten hadde brukt eit kvarter på å legge til kai mot normalt berre nokre minutt.
M/S "Sylvarnes" er ein hutiggåande bil-og passasjerbåt, og har ein fart toppfart på 24 knop. Kombibåten tar 42 passasjerar og 7 bilar.
Administrerande direktør i Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane Atle Tornes, vil ikkje kommentere denne episoden.
Tornes vil heller ikkje stadfeste om nokre av hans tilsette er suspandert, men seier at reiarlaget har nulltoleransegrense på bruk av rusmiddel.
Brot på regelverket vil føre til oppseiing.