Trålaren frå Færøyane vart oppbrakt av Kystvakta 60 nautiske mil vest av Bergen fredag ettermiddag. Båten er mistenkt for ulovleg makrellfiske i norsk økonomisk sone, og for å ikkje ha ført fangstdagbok.
Trålaren vart laurdag lossa for 90 tonn fisk, og ein vesentleg del av lasta var makrell som båten ikkje har kvote på.
For å få frigjeve båten, må reiarlaget stille ein bankgaranti på 600.000 kroner.