Skipet gjekk i svart og mista all motorkraft midt i Skatestraumen

Med full fart framover mista skipet all motorkraft og gjekk i svart. I løpet av 2 minutt gjekk skipet på grunn.

Skip på grunn i Skatestraumen

KØYRDE I KALVEHOLMEN: Mannskapet var sjanselause då skipet gjekk i svart på det smalaste punktet i Skatestraumen.

Foto: NRK-tipsar

– Alt verka normalt heilt til skipet plutseleg mista all motorkraft, seier Morten Hagen som er innsatsleiar i politiet.

Natt til torsdag gjekk eit kypriotisk skip på grunn i Skatestraumen med eit mannskap på 12 om bord. Skipet hadde også los om bord for å bli frakta gjennom det tronge sundet.

Båt gjekk i svart

Politiet har avhøyrt både los, kaptein og maskinansvarleg. I avhøyra har det komme fram at skipet fekk ein såkalla «black-out».

– Det førebelse her er at skipet fekk ein total blackout, og maskineriet plutseleg kutta og alt om bord i skipet kutta ut, og alt vart rett og slett svart.

Det vart sendt ut Mayday-signal og Hovudredningssentralen kalla ut båtar via Florø Radio, Redningsskøyta frå Måløy, ein Sea King og ein slepebåt. Etter kvart som situasjonen viste seg å ikkje vere så dramatisk, vart det til slutt ein slepebåt og redningsskøyta som slepte båten til land i Måløy.

– Båten gjekk med fart på rundt 10 knop og dette er eit trangt farebatn. Det var veldig kort tid før båten var i fjæresteinane. Når dei mistar både motorkraft og styring var det lite tid til å gjere noko før båten traff land.

Kor lite tid hadde dei?

– Det var snakk om mellom 1 - 2 minutt frå blackouten til dei traff land på Kalveholmen i Skatestraumen.

Fekk store skader

Politiet og Sjøfartsdirektoratet jobbar no med å finne ut korleis denne blackouten kunne skje.

– Det er ein del av det vi no må undersøke. Og sjøfartsdirektoratet er kopla på saka.

Det er usikkert om det blir sjøforklaring som følgje av skipet gjekk på Kalveholmen i Skatestraumen. Skipet fekk store materielle skader.

– Skipet grunnstøytte og trefte bulben på skipet. Den fekk store skader. Til alt hell vart det ikkje noko stor oljelekkasje, seier Hagen.

Politiet skal gå gjennom avhøyre og containerskipet ligg framleis til kai i Måløy for vidare undersøkingar.