NRK Meny
Normal

Skip på grunn utanfor Florø

Forskingsskipet G.M. Dannevig har gått på grunn ved Stonga utanfor Florø.

Skip på grunn

PÅ GRUNN: Forskingsskipet GM

Foto: Bjarne Trondsen

– Vi fekk melding om grunnstøytinga klokka 18:35, seier Jan Lillebø ved Hovudredningssentralen på Sola.

Lillebø kan førebels ikkje seie noko om kva oppdrag forskingsskipet var ute på. Ingen av dei seks om bord skal ha kome til skade.

– Etter det vi har fått melding skal båten ha gått lett på grunn, og det er ikkje meldt om lekkasjar.

Redningsskøyta Halvdan Grieg er på veg frå Måløy, og er venta å vere framme ved havaristen ca. klokka 19:40.

Då sender vi ned ein dykkar for å sjå at den ikkje har fått skadar. Det seier Per Bergmann som er skipper på Redningsskøyta Halvdan Grieg.

Klokka 20:30 opplyser Hovudredningssentralen at skipet kom seg av grunn sjølv då det flødde, og at den har gått til kai i Florø der den blir undersøkt av dykkarar.

Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen