Hopp til innhold

Skiltliga i Nordfjord?

På to stader i Nordfjord er det montert opp skilt som høyrer heime heilt andre stader i landet.

Gateskilt frå Bergen i Utvik

PÅ VILLE VEGAR 1: Gateskiltet frå Bergen oppmontert ved vegen over utvikfjellet.

Foto: Ingvild Johansen

Natt til laurdag vart det oppdaga at kommuneskiltet til Hornindal i Markane var bytt ut med kommuneskiltet til Namsos i Nord-Trøndelag.

Namsos-skilt i Markane

PÅ VILLE VEGAR 2: Kommuneskiltet til Namsos på grensa til Hornindal.

Foto: Connie Steffenakk Bakke

Gimlebakken 5-13

Måndag oppdaga Ingvild Johansen frå Utvik at nokon hadde montert eit gateskilt i skogen ikkje mlangt frå vegen over Utvikfjellet.

– Det er tydelegvis ikkje berre kommuneskiltet til Namsos som har kome på avvegar, seier ho til avisa Fjordingen.

På skiltet stod det Gimlebakken 5-13. Eit kjapt nettsøk viser at denne adressa høyrer heime i Bergen.

Men det var ikkje berre det skiltet ho fann. På ein trestamme like ved var det spikra opp eit skilt der det står: Kjør sakte - barn leker.

Ingvild Johansen synest det heile er merkeleg og spennande.

– Det er litt rart at to skilt som høyrer heime andre stader i landet dukkar opp her i Nordfjord. Dersom det er same folka som har gjort det så må dei vere glade i å reise. For dei må ha vore både i Namsos og i Bergen.

Kommuneskilt langt heimefrå

Kommuneskiltet til Namsos har høyrt heime på grensa mellom Overhalla og Namsos kommunar i Nord-Trøndelag. Det forsvann derifrå i mai, fortel overingeniør Sturla Leirvik i Statens vegvesen i Steinkjer til Fjordingen.

Han er ikkje særleg glad for slike påfunn, det kostar mellom 5000 og 10.000 kroner å erstatte det. Han håpar det ikkje blir ein trend å flytte på slike skilt.

Og kommuneskiltet til Hornindal er det ingen som veit kvar er. Terje Samuelsen i Statens vegvesen i Nordfjord reknar med at dei må bestille nytt, og at det neppe er på plass før godt ut i august.