Hopp til innhold

Skilsmissestrid på Ap-årsmøte

FØRDE (NRK): Skal Ap innvilge kommuneskilsmissar? Det vart strid på fylkesårsmøtet i Sogn og Fjordane.

Clara Øberg og Jon Håkon Odd i diskusjon

– FULLSTENDIG ØYDELEGGJANDE: På fylkesårsmøtet til Arbeidarpartiet tok Ap-veteran Clara Øbergeit oppgjer med partiet si vingling i synet på kommunereforma. – Årsmøtet ville ikkje ta i saka. Det viser kor vanskeleg og betent denne saka er, seier Øberg. Her i diskusjon med Leikanger-ordførar Jon Håkon Odd.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Dette set oss i ein vanskeleg situasjon. No kan vi ikkje gjere noko ting. Alle dei tre Ap-ordførarane (Leikanger, Sogndal og Balestrand) har fått masse juling for det Ap gjer sentralt.

Ap-veteran Clara Øberg tok eit oppgjer med partiet si vingling i synet på kommunereforma.

Partileiinga, med Jonas Gahr Støre i spissen, har sagt dei vil gje skilsmisser til tvangskommunar.

Fekk motbør

Temaet er pikant. I Sogn skal altså Leikanger, Sogndal og Balestrand bli slått saman med tvang. Storebror Sogndal har sagt ja. Dei to veslebrørne er skeptiske. Alle er styrt av Arbeidarpartiet.

Clara Øberg og Sogndal Ap ville ha fylkesårsmøtet i Sogn og Fjordane med på ein resolusjon om at Ap ikkje skal reversere samanslåingar.

Men ho fekk motbør.

– Vi er ikkje tent med å endre Ap sitt syn. Eg forstår ikkje kvifor vi skal krangle internt om det rotet som regjeringa har skapt med kommunereforma, sa ordførar Jon Håkon Odd i Leikanger.

Betent sak

– Dette er ei komplisert sak, sa ordførar Jarle Aarvoll i Sogndal.

Ordførar Harald Offerdal i Balestrand valte å ikkje delta i debatten.

– Ap har tapt på at vi seier vi vil reversere samanslåingar. I mange store kommunar risikerer vi å miste fleire veljarar, sa Jan Træen frå Stryn Ap.

– Eg ber fylkesårsmøtet respektere Leikanger sitt syn. Eg ber om forståing og tillit til at vi i Leikanger kan få bestemme kva som er best for vår kommune, sa ordførar Odd og fekk applaus i salen.

Avviser vingling i partiet

Då saka vart teken opp til votering var det berre knappe 30 av 115 delegatar som støtta Øberg sitt syn.

Sentralstyremedlem og stortingsrepresentant Ingvild Kjerkol avviser at partiet vinglar.

– Vårt programforslag i 2013 sa at vi var opne for tvang. Så korrigerte landsmøte den kursen ved å leggje fri vilje som hovudlinje. Og det har vi stått ved sidan, seier Kjerkol.

– Fullstendig øydeleggjande

Ingvild Kjerkol på talarstol

- VINGLAR IKKJE: Sentralstyremedlem og stortingsrepresentant Ingvild Kjerkol avviser at partiet vinglar i saka.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Kjerkol seier at dersom kommunar ønskjer å ta dette opp på nytt, så ligg dette initiativet hos kommunane.

– Det vil ikkje seie at vi vil reversere alle tvangsvedtak, men at vi skal lytte til kommunar som ønskjer å endre på dette her med eit anna stortingsfleirtal.

Men Øberg er ikkje nøgd. Når ho og lokallaget forsøkte å få vedteke ein resolusjon, blei det blankt avvist av det store fleirtalet på fylkesårsmøte.

– Årsmøtet ville ikkje ta i saka. Det viser kor vanskeleg og betent denne saka er. Den er fullstendig øydeleggjande for Arbeidarpartiet.