Hopp til innhold

Skiløpar utløyste snøskred – åtvarar mot auka snøskredfare i fjellet

SOGNDAL (NRK): Snøskredfaren er stor i mange fjellområde over heile landet. I dag klarte ein skiløpar å berge seg ut av eit skred i Sogndalsdalen.

Fjellsportfestivalen 2017

MYKJE FOLK: Fjellsportfestivalen i Sogndal samlar mange skiløparar. No blir det åtvara mot auka skredfare.

Foto: Ahmad Dean / NRK

Ifølgje politiet klarte han å kome seg ut av raset på eigen hand.

– Dette skredet blei utløyst av dei to skiløparane sjølve. Dei hadde køyrd ned ei lite brukt løype, seier operasjonsleiar Per Rimmen i Vest politidistrikt.

Både politiet og NVE åtvarar no mot stadig aukande snøskredfare mange stader i landet, ikkje minst i populære turområde på Vestlandet og i dalstrok på Austlandet.

Mykje folk samla i fjellet

Det er samla mykje folk i Sogndalsdalen denne veka, både på grunn av skulane sin vinterferie og den store ski- og friluftsfestivalen Fjellsportfestivalen. Det same gjeld mange andre skiområde både i Sør- og Nord-Norge

Ifølgje Rimmen i politiet varsla dei to personane som blei tatt av ras i føremiddag først leiinga for Fjellsportfestivalen om skredet. Deretter ringde folk frå festivalen til politiet, noko politiet reagerer på.

– Vi oppmodar dei som har vore involvert i ras, at dei først forsøker å få tak i politiet. Vi set pris på å få førstehandsinformasjon frå dei som er involvert, slår Rimmen fast.

Togga

– Stor skredfare

Tryggleikssjef Kari-Ann Kirsebom Strandman i Fjellsportfestivalen seier at dei var førebudde på at det kunne bli utløyst skred slik vêret har utvikla seg dei siste dagane med masse nysnø.

– Festivalen har alltid hatt høgt fokus på tryggleik. No er det faregrad tre, og vi veit at det er då det er flest ulukker, fordi folk tenker at det kanskje ikkje er så farleg. Då tek dei ikkje dei omsyna dei skal ta.

– Kva er det som gjer at det går skred no?

– Vi har hatt veldig lang tid utan nedbør, slik at det har blitt eit svakt lag. Så kom det eit skikkeleg snødump no dei siste dagane. Dermed ligg det mykje snø oppå eit dårleg lag.