Hopp til innhold

Skiløpar omkom etter å ha falle 500 meter i Hurrungane

Mannen som fall ned ein skrent i Hurrungane onsdag, døydde av skadane han fekk.

Hurrungane, Jotunheimen

2000 METER: Hurrungane er eit fjellområde som ligg sørvest i Jotunheimen. Ulukka skjedde i Luster kommune.

Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

Politiet stadfestar til NRK laurdag at mannen var i live då han vart henta av ambulansen, men døydde ei tid seinare.

– Ja, vi har vore i dialog med sjukehuset, og det kan eg stadfeste, seier Anne Gro Veland, politioverbetjent i Vest politidistrikt.

– Kva blir gjort vidare i saka frå politiet si side?

– Det er teke vitneavhøyr, og så blir det samla inn informasjon utover det, seier ho.

Vart flogen til Haukeland

Politiet melde onsdag at ein skiløpar ramla 500 meter. Mannen var på tur åleine då ulukka skjedde. Eit anna turfølge melde frå til politiet om ulukka. Mannen vart flogen med helikopter til Haukeland i Bergen.

– Ein mannleg skiløpar på Lauvnostinden har sklidd ut og ramla ned ei renne. Me har sendt opp redningshelikopter frå Florø og luftambulanse frå Førde, sa redningsleiar Edvard Middelthon kort tid etter meldinga kom.

Ingenting straffbart

Veland understrekar at politiet ikkje mistenker at noko straffbart har skjedd, og at det frå politiet si side er ei rein undersøkingssak.

Det er politiet i Sogn som held i saka.

– I utgangspunktet blir dette handtert som ei ulukke, seier regionlensmann Inger Lill Lanes, og held fram:

– Vi har snakka med dei som såg dette. Når det er ei ulukke så er det ingen som kan haldast ansvarlege. Men vi prøver så godt me kan å finne ut kva som har skjedd.

Eldorado for skikøyring

Hurrungane, vest i Jotunheimen, er eit eldorado for bratt skikøyring. Området byr på store opplevingar for mange skikøyrarar, men er sjølvsagt ikkje utan risiko.

Den avdøde falt ifølgje Fri Flyt i ei snørenne frå fjellet Lauvnostinden. Her kan du sjå ekstrem skikøyring i snørennene under nabofjellet Soleiebotntind.