NRK Meny
Normal

Sakna tyskar er komen til rette - måtte grave seg ned i det dårlege vêret

Den tyske skiløparen som vart meldt sakna i fjellområda mellom Hemsedalsfjellet og Filefjell er komen til rette.

Røde Kors kalla ut til å leite etter sakna tyskar på Hemsedalsfjellet/Filefjell

SAKNA: Røde Kors vart kalla ut til å leite etter den sakna tyskaren. Her er dei i ferd med å leggje ut i terrenget frå Eldrevatnet på Hemsedalsfjellet.

Foto: Jan Christian Jerving / NRK

Politiet sette fredag ettermiddag i gang søk etter ein tyskar som ikkje kom fram som venta til ei hytte i Vest-Oppland.

Den 50 år gamle mannen skulle gå frå Breistølen på Hemsedalsfjellet til hytta Sulebu på Filefjell, og vart sist sett i området Nordre Kluftenosi på veg til hytta i 15-tida torsdag.

Mannen gjekk åleine på ski, og ifølgje folk som såg han såg han ut til å vere fjellvand. Etter at det vart kjent at politiet søkte etter mannen vart politiet kontakta av folk som hadde viktige opplysingar.

– Etter at dette vart kjent vart vi kontakta av ein kar som opplyste at han hadde vore i kontakt med vedkommande i tidsrommet mellom klokka 13.30 og 14. Innringar hadde då følgd mannen til Brusestølen som ligg like ovanfor Maristova på E16, seier operasjonsleiar Per Rimmen ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Sette inn scooterar i søket

Turen frå Breistølen til Sulebu er på vel 22 kilometer, og mannen var venta framme på hytta på Sulebu i Vest-Oppland torsdag kveld.

Det var personar som jobbar med forsyningar til hytta som var i kontakt med mannen, og som opplyste til politiet at han ikkje var komme fram.

Klokka 12 vart det sett i gang søk etter mannen, og politiet sende ut fire-fem personar frå Røde Kors med scooterar. Like før klokka 14 sette dei ut i terrenget frå Eldrevatnet.

(Artikkelen held fram under)

Breistølen

STARTA HER: Ved Breistølen på Hemsedalsfjellet.

Foto: Jan Christian Jerving / NRK

Overnatta i snøen

Men berre kort tid etter at leitinga i gang kunne politiet avblåse aksjonen. Rimmen seier mannen ville ta seg vidare til Tyinkrysset ved eiga hjelp.

– Vedkommande som vi leitte etter verkar til å vere i god behald. Han har forklart til mannen som ringde oss at han hadde grave seg ned og overnatta ute grunna dårleg vêr i natt, seier Rimmen.

Det er dårleg ver i området ved Breistølen fredag ettermiddag, like før klokka 14 vart det innført kolonnekøyring på riksveg 52 over Hemsedalsfjellet.

Kart over Breistølen og Sulebu

KOM IKKJE FRAM: Mannen skal ha gått frå Breistølen på Hemsedalsfjellet og var venta til hytta Sulebu, ein tur på 22 kilometer. Sulebu ligg på Filefjell.

Foto: Skjermdump frå ut.no