Her køyrer dei gjennom laussnøen med hovudlykter - det er nemleg heilt mørkt

For skikøyrarane i Sogn er det viktig å utnytte heile døgnet. Då kan det fort bli køyring i stummande mørke.

Skikøyring i mørkret i Sogn med hovudlykt. 
Filmen er klippa saman av Torkjel Solbraa
Fotograf er Håvard Nesbø og Torkjel Solbraa

SJÅ VIDEO: Her køyrer skientusiastane i Sogn i laussnøen i mørkret. Foto: Håvard Nesbø og Torkjel Solbraa /Redigering: Torkjell Solbraa. Skikøyrar Ivar Løvik.

– Det er ganske kult faktisk. Ein får eit heilt anna perspektiv på det med skikøyring enn midt på dagen. Når alt er mørkt blir det ei heilt anna oppleving. Men vi har lykter så vi ser jo bra, fortel Ivar Løvik.

For i Sogn kan ein ofte sjå lys frå lykter i fjellsidene om kveldane. Det gjeld nemleg å utnytte heile døgnet. Etter sola har gått ned er stemninga heilt magisk.

– Då er det mykje folk som er ute i mørket og køyrer i laussnøen. Eg er ein av dei, seier Løvik.

Spruta kvit snø overalt

I området i og rundt Sogndal er det mange som gjer som Løvik både med toppturar og heiskøyring.

– Ein får på ein måte utnytta dagen heilt ut. Det er ikkje alle som har moglegheit til å køyre på ski midt på dagen i vekedagane, så då er det mange som brukar kveldane når dei har tid.

Videoen øvst i saka er frå slutten av førre veke frå Heggmyrane på Sogn skisenter. Då kom det mykje laussnø og det gjaldt å utnytte dagane.

– Det var heilt strålande å køyre då. Det var kome så mykje snø at det berre spruta masse, kvit snø oppover alt. Det var heilt kanon, fortel ein energisk skikøyrar.

Har venta på pudderet

– Vi køyrer stort sett i skogen, så det med skredfare er ikkje så aktuelt, så det er berre trygt og fint og kjekt, seier Løvik.

I år har dei skiglade ikkje hatt den heilt store vinteren. Og snødagane har heller ikkje vore mange.

– Vi har mangla den snøen vi pleier å få, så då tok det heilt av førre veke når den plutseleg kom. Det blir vel nokre slike turar framover, men akkurat no er det så fint sollys på dagane så då blir det kanskje ein ettermiddagstur i solnedgangen kanskje, seier han.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.