– Henda på knea, og bøy rumpa godt ned! Sigrid Sægrov (12) gir klare og tydelege instruksjonar til Nora Gåsemyr Helgheim (6) som har sin første dag i bakken med ski på beina.
Sægrov er ein av mange frivillige unge alpinistar i Jølster alpint som er instruktørar for Firda skiskule der dei brukar helga til å lære opp nye unge barn til å ta første steget på vegen til å bli trygge på alpinski.
Ein til ein-læring
I alt er det 35 elevar på skiskulen som blir avvikla i Jølster skisenter, og i løpet av helga skal dei gjennom tre timar med grunnleggande skiferdigheiter for å stå på ski, blant anna svinge og ikkje minst stoppe. Lærarane deira er unge og mange.
– Kvar unge får ein skiinstruktør som er "sin" og det er absolutt det beste. Dei er ivrige og har masse entusiasme til å lære vekk, seier ansvarleg for skiskulen, Hanne Dybwad Fonn.
Dei 35 elevane er fordelte på to grupper laurdag og søndag. For dei rundt 23 trenarane betyr det fire timar i skibakken. Med signaloransje vestar er dei mange unge trenarane godt synlege i skibakken, og foreldra blir raskt gjort til statistar på sidelinja.
Blir tryggare i skibakken
Dermed må dei unge trenarane handtere knall og fall, og litt varierande humør og motivasjon.
– Viss eg skal stå åleine i heisen må du komme rett bak meg, seier ein av elevane på veg mot heisen til Otilia Sandal medan han tar etter handa hennar.
– Jada, eg kjem rett bak deg i heisen, og det kjem til å gå heilt fint, svarar ho og får heilt rett.
For foreldra er det greitt å stå på sidelinja. Fornøgde kan dei konstatere at trenarane hjelper borna på rett veg.
Berre smil og fornøgde fjes
– Det er veldig flott at dei får ein trenar kvar. Det ser jo ut som jenta vår klarer
seg bra, seier Hege Gåsemyr frå Stardalen i Jølster.
Dottera Nora (6) testar skiskulen med alpinski etter at ho frå før har erfaring frå langrenn. For kvar gong dottera køyrer ned bakken blir ho litt tryggare.
– Målet er å bli litt trygg, lære seg å stoppe og slikt, seier ho smilande til dottera i det ho passerer henne i full fart.