Hopp til innhold

Når trenarane byr opp til dans, kan ikkje elevane seie nei ...

Desse skiinstruktørane dansar for å inspirere dei aller yngst til å stå på ski i 15 minusgrader.

Skiinstruktørane dansar for å inspirere elevane på skiskulen.

SKIDANS: Elevane ved skiskulen i Jølster har ein kreativ gjeng som trenarar. Dei skal lære 35 skiskuleelevar å stå på ski. Foto/Redigering: Tone Lin Støfring Skovro

– Henda på knea, og bøy rumpa godt ned! Sigrid Sægrov (12) gir klare og tydelege instruksjonar til Nora Gåsemyr Helgheim (6) som har sin første dag i bakken med ski på beina.

Sægrov er ein av mange frivillige unge alpinistar i Jølster alpint som er instruktørar for Firda skiskule der dei brukar helga til å lære opp nye unge barn til å ta første steget på vegen til å bli trygge på alpinski.

Jølster alpint sin trenargjeng

UNG GJENG: Trenarane som tar seg av dei yngste på skiskule, er sjølve unge, men veldig ivrige i tenesta.

Foto: Øystein Skovro

Ein til ein-læring

I alt er det 35 elevar på skiskulen som blir avvikla i Jølster skisenter, og i løpet av helga skal dei gjennom tre timar med grunnleggande skiferdigheiter for å stå på ski, blant anna svinge og ikkje minst stoppe. Lærarane deira er unge og mange.

Trenar Sigrid Sægrov (12) gir skielev Nora Gåsemyr Helgheim (6) ei hand etter å ha ramla.

EI HAND Å HALDE I: Trenar Sigrid Sægrov (12) har ei travel helg som trenar. Foto/Redigering: Tone Lin Støfring Skovro

– Kvar unge får ein skiinstruktør som er "sin" og det er absolutt det beste. Dei er ivrige og har masse entusiasme til å lære vekk, seier ansvarleg for skiskulen, Hanne Dybwad Fonn.

Dei 35 elevane er fordelte på to grupper laurdag og søndag. For dei rundt 23 trenarane betyr det fire timar i skibakken. Med signaloransje vestar er dei mange unge trenarane godt synlege i skibakken, og foreldra blir raskt gjort til statistar på sidelinja.

Skiinstruksjon
Foto: Kari Anne Grimelid Årseth

Blir tryggare i skibakken

Dermed må dei unge trenarane handtere knall og fall, og litt varierande humør og motivasjon.

– Viss eg skal stå åleine i heisen må du komme rett bak meg, seier ein av elevane på veg mot heisen til Otilia Sandal medan han tar etter handa hennar.

– Jada, eg kjem rett bak deg i heisen, og det kjem til å gå heilt fint, svarar ho og får heilt rett.

For foreldra er det greitt å stå på sidelinja. Fornøgde kan dei konstatere at trenarane hjelper borna på rett veg.

Berre smil og fornøgde fjes

– Det er veldig flott at dei får ein trenar kvar. Det ser jo ut som jenta vår klarer

Skijenter

FORNØGDE: Både Sigrid Sægrov og Nora Gåsemyr Helgheim er fornøgde.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

seg bra, seier Hege Gåsemyr frå Stardalen i Jølster.

Dottera Nora (6) testar skiskulen med alpinski etter at ho frå før har erfaring frå langrenn. For kvar gong dottera køyrer ned bakken blir ho litt tryggare.

– Målet er å bli litt trygg, lære seg å stoppe og slikt, seier ho smilande til dottera i det ho passerer henne i full fart.