Hopp til innhold

Nettselskapa vil ikkje slå seg saman for å jamne ut nettleiga

Framstegspartiet vil ha ei samanslåing av nettselskap for å kunne jamne ut nettleiga til forbrukarane i Norge. Men dei små nettselskapa er skeptiske.

Kraftmast på fjellet mellom Øvre Årdal og Turtagrø

STORE INVESTERINGAR: Nettselskapa må investere milliardar av kroner i kraftnettet dei komande åra. No går debatten om korleis ein skal unngå at nokon av forbrukarane sit att med større rekning for det enn andre.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Per Gullaksen

NEGATIVE KONSEKVENSAR: Per Gullaksen i Lærdal Energi er ein av fleire som peikar på negative følgjer av ei samanslåing av nettselskapa.

Foto: Øyvind Bye Skille / NRK

Dei små nettselskapa er negative til løysinga om å slå seg saman, og fryktar det vil føre til utflytting av makt og forvitring av beredskap.

– Skal det monne å slå seg saman, må det bli veldig, veldig store selskap. Det har negative konsekvensar, til dømes i høve lokal tilhøyrsle og beredskap, seier e-verkssjef Per Gullaksen i Lærdal Energi.

Heilt sidan NVE varsla om 30 prosent auke i nettleiga i åra som kjem, har debatten om kva som kan vere løysinga gått. I valkampen tok Framstegspartiet i Sogn og Fjordane igjen til orde for at fleire selskap burde slå seg saman for å få ned nettleiga.

NRK har snakka med fleire nettselskap om forslaget, og gjennomslagstonen er skepsis.

Fryktar lokal makt og beredskap blir taparane

I dag er nettleiga avhengig av kvar du bur. Å levere straum og byggje nett i distrikta kostar langt meir per forbrukar enn det gjer i tettbygde strok. I Sogn og Fjordane blir kundane i tillegg belasta for utbygging av nye linjer for å frakte ny, fornybar straum ut av fylket.

Resultatet er at nettleigeprisane i Sogn og Fjordane er nesten 40 prosent høgare enn landssnittet.

E-verkssjef Per Gullaksen i Lærdal Energi trur ei samanslåing vil slå dårleg ut for både lokal makt, innflytelse og beredskap. Fleire andre NRK har snakka med peikar på det same.

– All historikk viser at når ein sentraliserer i større einingar, blir ein samla i meir sentrale strok.

Vanskeleg å gje konkrete svar

Frå 2021 krev NVE at alle nettselskap vert sjølvstendige selskap, utan tilknyting til selskap som driv kraftproduksjon. E-verkssjef Anders Molland i Luster Energi trur ikkje det kravet vil tvinge fram samanslåingar.

Energi Norge representerer alle selskapa som produserer, transporterer og sel straum i Norge. Kommunikasjonsdirektør Eivind Heløe seier det er vanskeleg å vere konkret på korleis ei samanslåing av nettselskap vil slå ut på nettleiga til den enkelte kunde.

– Den viktigaste effekten av å slå saman nettselskap, vil vere at nettleiga blir lik i heile det området selskapet har. Om det i sum går opp eller ned vil avhenge av behovet for investeringar i nettet, topografien og kor effektiv drift selskapa har.

Sunnfjord Energi vurderer allereie ei samanslåing med Sogn og Fjordane Energi. Men ifølgje administrerande direktør Fredrik Behrens vil ikkje det gje det store utslaget for nettleiga sin del i området deira.

Eivind Heløe Kommunikasjonsdirektør i Energi Norge

MÅ VERE OPP TIL KVART ENKELT SELSKAP: Kommunikasjonssjef Eivind Heløe i Energi Norge seier det er vanskeleg å svare konkret på spørsmålet om dei små nettselskapa har grunn til å frykte negative konsekvensar av ei samanslåing. – Mi oppleving er at både dei store og dei små selskapa anstrenger seg veldig for å drive så effektivt som mogleg, ha høg beredskap og sikre driftstryggleiken.

Foto: Øystein Andreas Bjerke / Energi Norge

Trur på stordriftsfordelar

Fleire NRK har snakka med meiner at om ein skal slå saman selskap slik at det gjer utslag på nettleiga, må ein inkludere eit selskap i ein stor by. Som til dømes Bergen og BKK.

Går ein for ei slik løysing vil nettleiga i Bergen gå opp, seier Behrens.

Det blir stadfesta av konserndirektør for nett i BKK, Thor André Berg. Han er likevel interessert i nettselskapa i nabofylket.

– Vi trur det er stordriftsfordelar, og at dei er aukande.