Hopp til innhold

Skeptiske til fråværsgrense

Frå neste år får du ikkje vitnemål om du har meir enn 10 prosent fråvær i den vidaregåande skulen. Den nye regelen møter motstand - også frå uventa hald.

Ikkje vitnemål ved fråver over ti prosent

Foto: Steinar Lote/Halvor Farsund Storvik. Redigering: Arne Stubhaug.

Elevar i den vidaregåande skulen har for mykje fråvær og kjem ofte for seint til timane.

Lise-May Sæle er leiar i Sogn og Fjordane Unge Høgre. Ho er glad det frå neste år blir innført ei fråværsgrense på 10 prosent.

– Eg har venta på at det blir stilt krav til oss elevane. Skulking er ikkje greitt når vi er tildelt ein skuleplass.

Dei nye reglane blir sette i verk frå og med skuleåret 2016/2017. Dei elevane som har meir enn 10 prosent fråvær i eit fag får ikkje standpunktkarakter i det faget. Unnatak er fråvær på grunn av dokumentert sjukdom, arbeid som tillitsvald, politisk arbeid og liknande.

Ikkje bra for dei som slit

Men ikkje alle er samde. Frida Pernille Mikkelsen er tredjeklassing ved Firda vidaregåande skule på Sandane. Ho meiner reglane vil bli altfor rigide for dei som slit med skulen.

– Det er som regel ein grunn til fråværet. Det er ofte noko som er gale med skulen, noko som ikkje fungerer som det skal.

Rektor Hallgeir Hansen ved Firda vidaregåande skule meiner det trengst tiltak. Men han fryktar at ein stor del av elevane ikkje vil få vitnemål med ny fråværsgrense.

– Eg er skeptisk i forhold til dei som verkeleg slit. Eg ville ikkje ha innført ein slik regel.