Hopp til innhold

Skeptisk til utvidingsplanar

Innbyggarane i Gulen er skeptiske til planane for utviding som Alexela Sløvåg har på den gamle Vest Tank-tomta.

Alexela Sløvaåg AS har no søkt Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap, SFT og Gulen kommune om å få ta imot bensinavfall og bearbeide det.

Det likar ikkje kommunelege Tommy Norman. - Dei står jo ikkje akkurat i eit godt lys per i dag. Dei gjer jo ikkje det. Det verkar jo som om det berre er ein systerorganisasjon av noko anna av tvilsom karakter, seier kommunelege Tommy Norman.

Også Kurt Westervik, som sjølv har fått helseplager etter ulukka er skeptisk. - Eg er litt skremd av Alexela, det virkar som det er akkurat same bedrifta som Vest Tank. Det er jo same eigarane, så det verkar som det er ei vidareføring av Vest Tank. Så eg er litt skremd med tanke på kva dei skal drive med seier Westervik.