Hopp til innhold

Jublar over ferjefri E39 - skeptisk til at bilistane må betale mesteparten

Frp-leiar i Sogn og Fjordane Frank Willy Djuvik jublar over at regjeringa vil ha ferjefri E39 innan 20 år. Men han er svært skeptisk til at det blir lagt opp til at bilistane skal ta storparten av prislappen.

Frank Willy Djuvik (Frp)

UROA: Frank Willy Djuvik er skeptisk til at det blir lagt opp til at bilistane skal betale 90 prosent av kostnadane ved ferjefri E39.

Foto: Oddleif Løset/NRK

– Eg er litt uroa når det i det første prosjektet blir lagt opp til at 90 prosent skal betalast av bilistane, seier Frp-politikaren til NRK.no.

På NRK Dagsrevyen torsdag kveld kom lekkasjen frå Nasjonal Transportplan som får mange vestlendingar til å juble. Regjeringa vil ha ferjefri E39 på Vestlandet innan 20 år, eit totalprosjekt som er rekna å koste 150 milliardar kroner.

Ikkje berre skal fjordane kryssast med bruer eller undersjøiske tunnelar, også vegane mellom fjordane skal rustast opp, minimum med gul midtstripe.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Liv Signe Navarsete (Sp) og Trond Giske (Ap) lekker fra Nasjonal Transportplan. Regjeringen legger 1 milliard på bordet til et prestisjeprosjekt utenfor Stavanger. Bilistene må betale 9 milliarder i bompenger. De ønsker et fergefritt vestland til en prislapp på 150 milliarder kroner.

Veit ikkje kor mykje det blir i bompengar

Det var kommunalminister Liv Signe Navarsete og næringsminister Trond Giske som stod for lekkasjen. Regjeringa legg i første omgang 1 milliard på bordet til fjordkryssing utanfor Stavanger. Dei resterande ni milliardane dette prosjektet kostar er det bilistane som skal betale med bompengar.

Kor vidt det blir slik at heile prosjektet skal følgje same mal, altså at bilistane betaler 90 prosent, kan ikkje Navarsete svare på enno.

– Skal 90 prosent av dei 150 milliardane betalast av bompengar?

– Ein del av dette vil vere bompengar. Kor stor del det blir, veit vi ikkje før dei andre prosjekta er ferdig utgreidde, seier Navarsete til NRK.no.

Djuvik er uansett skeptisk.

– Førebels har dei berre lagt ein milliard av dei 150 milliardane som trengst på bordet, og i god raudgrøn and har dei lagt inn planleggingsmidlar på resten av prosjekta, seier han til NRK.no.

Han understrekar at han er svært glad for at regjeringa faktisk har tatt planane inn i Nasjonal Transportplan, men skulle ønskje det vart meir enn berre lovnader.

– Først når regjeringa viser at dei har vilje til å faktisk investere i dette prosjektet, først då har eg tru på at dei står for det dei seier, seier Djuvik.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ferjefri E39

FERJEFRI: Skal du reise langs kysten av Vestlandet om 20 år er håpet at du skal sleppe å ta ferje på E39.

Foto: Frå presentasjonen til fylkeskommunane

– Staten må leggje pengar på bordet

Han trur det blir eit viktig spørsmål framover om korleis ambisjonen om ferjefritt E39 innan 20 år skal finansierast.

– Frp meiner det er feil at bilistane skal betale 4000 kroner for å køyre frå Kristiansand til Trondheim.

– Vi meiner dette er eit prosjekt som har så stor avkastning samfunnsøkonomisk at her må staten leggje pengar på bordet.

– Kor skal dei ta pengane frå?

– I staden for å låne ut pengar til to prosent rente til Tyskland for at dei skal byggje vegar, så kan ein byggje vegar i Norge i staden. Dette gir ei verdiskapning og ei konkurransekraft som vil gje ein enorm samfunnsøkonomisk vekst for Norge, seier Frp-leiaren i Sogn og Fjordane.

Mindre bompengar om Frp kjem i regjering

Djuvik trur viljen hos bilistane til å betale så mykje i bompengar ikkje er til stades.

– Eg trur nok bompengegrensa for bilistane er nådd for lenge sidan. Dette er eit prosjekt som gir så stor avkastning inn i statskassa at dette vil vere ei investering som regjeringa vil tene pengar på, seier han.

Det er til saman åtte fjordar som skal kryssast før E39 på Vestlandet blir ferjefritt. I den komande Nasjonal Transportplan blir det altså lagt pengar på bordet til det første prosjektet, medan dei sju andre berre før mindre planleggingsmidlar i denne omgang.

Om og korleis dette skal byggjast ut vil først bli klart når nesten transportplan blir lagt fram om fire år. Då kan det vere ei heilt anna regjering og andre parti som sit med makta. Og det blir dei som får ansvaret for å følgje opp dei løfta som blir gitt.

– Om Frp kjem til makta etter valet, vil dokke vere med på å leggje nok pengar på bordet til at planane om ferjefri E39 innan 20 år kan fullførast?

– Vi kan ikkje forskottere kva ei framtidig regjering vil gjere, det kjem an på storleiken til dei forskjellige partia.

– Men det er klart, dess større Framstegspartiet blir i ei borgarleg regjering, jo mindre av kostnadene vil vere bompengefinansiert, seier Djuvik.