NRK Meny
Normal

Meiner det må stillast krav til kva miljøpåverknad næringa har

Fiskeri- og havbruksnæringas landsforeining meiner det må stillast krav til kva miljøpåverknad oppdrettsnæringa har, uansett kva teknologiløysingar som vert valde.

Lukka oppdrettsanlegg, Geir Ove Ystmark

SKEPTISK: Direktør i FHL er skeptisk til lukka oppdrettsanlegg.

Foto: MSC Aqua AS/Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening

Fleire stadar i landet blir det jobba med lukka oppdrettsanlegg. Men direktør i Fiskeri- og havbruksnæringas landsforeining (FHL), Geir Ove Ystmark, fryktar at det kan bli for enkelt å drive med oppdrett utanfor Norge.

Norge bør ha ei havbrukssatsing som byggjer på dei naturgitte fortrinna som Norge har

Geir Ove Ystmark, direktør i FHL

– Norge bør ha ei havbrukssatsing som byggjer på dei naturgitte fortrinna som Norge har. Då vil ein sikre at veksten og utviklinga i havbruksnæringa kjem Norge og den norske kysten til gode, seier Ystmark.

Han peikar likevel på at det må stillast krav til kva miljøpåverknad næringa har, ikkje kva teknologiløysingar som vert valde. Han avviser ikkje bestemde løysingar.

– Vi bør satse på løysingar som byggjer på våre komperative fortrinn, og vi framover vil vi også ha ein sterk merdbasert havbruksnæring, seier Ystmark.

Ny teknologi

I Måløy held ein på å forme delar til eit lukka oppdrettsanlegg i ein industrihall, og fleire stadar i landet blir det no testa slike løysingar.

Merdane skal vere lusefrie, rømmingssikre og forhindre avfall i fjordane. Gründer i MSC Aqua, Gunnar Carlson, har trua.

Stein Malkenes

BAKSTREVERSK: Styreleiar i SalmonCamera, Stein Malkenes meiner FHL tek på seg ei rolla som bakstrevar.

Foto: Asgeir Jens Reksnes / NRK

– Det skal bli eit supert oppdrettsanlegg med mykje ny teknologi, seier Carlson.

Men Fiskeri og havbruksnæringas landsforeining er ikkje overtydde om at næringa i framtida vil ha laksen i lukka anlegg.

Fryktar for bransjen

I fjor eksporterte Norge laks for 40 milliardar kroner. Grunnlaget er naturgitte fordelar som golfstraumen og djupe fjordar.

Men med lukka merdar som kan regulere temperatur og vasstilførsel kan det bli lettare å flagge ut bransjen, fryktar Ystmark.

– Personleg trur eg at vi kjem til å ha ei betydeleg merdebasert havbruksnæring, så skal vi følgje og leve opp til miljøkrav, men det er næringa som må finne kva for teknologiløysingar som er optimale, seier han.

Gunnar Carlson (t.v.) og Morten Hagen (t.h.) følgjer pressekonferansen.

NY TEKNOLOGI: Gunnar Carlson i MSC Aqua har trua på dei lukka anlegga.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Men miljørørsla meiner dette er bakstreversk, og manar bransjen til å setje fart på utviklinga.

Oppsiktsvekkande

Stein Malkenes er styreleiar i SalmonCamera, ein organisasjon som jobbar for å sikre villaksen.

– Det er rett og slett oppsiktsvekkande at FHL tek på seg ei rolle som bakstrevar rett og slett. Så lenge dei kan sende miljørekninga til naturen og til oss andre som skal bu i desse områda er det greitt, og det gjer dei gratis, seier han.