NRK Meny
Normal

Unge lustringar skeptiske til kommunesamanslåing

SOGNDAL (NRK): Mange unge lustringar er skeptiske til ei samanslåing mellom den rike kraftkommunen i aust og fotballkommunen i vest.

Prestegård og Mogstad

IKKE OVERTYDDE: Korkje Borghild Prestegård eller Håkon Mogstad (i midten) er overtydde om at kommuneslåing er ei god løysing for Luster.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Eg er lustring, så eg har jo mitt forhold til Sogndal. Eg vil helst ikkje ha samanslåing, seier Gøran Øygard Solstad frå Gaupne.

Det var smekk fullt i Trollsalen på Sogndal vidaregåande då Jan Tore Sanner kom på signingsferd måndag.

Trur det vert meir sentralisering

For oppmerksame elevar forklarte han kvifor regjeringa vil ha færre kommunar. Men ungdomspolitikaren Borghild Prestegård frå Luster lét seg ikkje overtyde av kommunalministeren.

– Eg er oppvaksen i ein stor kommune med 5.000 innbyggjarar som er ganske vidstrekt. Som aktiv i både lokalpolitikken har eg sett kor vi har streva med å få samla ungdommane, seier Prestegård, og peikar på at lange avstandar ikkje er av det gode.

– Vi er ivrige på å ha tenester der innbyggjarane bur. Eg ser problem med det, dersom det vert samanslåing. Då vert det meir sentralisert, seier Prestegård.

Må diskutere politikk før ein teiknar kart

Håkon Mogstad frå Luster er mykje samd med Prestegård, sjølv om han ser mange av fordelane som Sanner presenterte.

– Eg ser at ein kan få eit betre tenestetilbod. Vi er frå ein kommune som har vore gjennom ei samanslåing før. Luster var i utgangspunktet både Luster, Jostedalen og Hafslo, seier Mogstad.

Han peikar på at det har komme mykje godt ut av den samanslåinga.

– Men du ser også at dei gamle kommunegrensene framleis ligg til grunn. Eg meiner ein må diskutere politikken og kva handlingar som skal til, før ein teiknar kartet, seier Mogstad.

Treng ikkje vere tenestene som avgjer

Kommunalminister Jan Tore Sanner meiner kommunereforma er lagt opp for den oppveksande generasjonen.

– Det er dei det handlar om. Det handlar om attraktive arbeidsplassar og sterke fagmiljø som gjer at ein kan få dei gode skulane, barnehagane og aldersheimane, seier Sanner.

Men han har også forståing for synspunkta til ungdommane.

– Dei må ha gode tenester der dei bur. Men det er det ikkje nødvendigvis kommunegrensene som avgjer, men at politikarane finn ut at dei skal sikre folk dette, seier Sanner.

Men det er ikkje nok til å få Prestegård til å ombestemme seg.

– Akkurat no er eg imot kommunesamanslåing i indre Sogn, seier Prestegård.

Mogstad meiner spørsmålet er vanskeleg.

– Eg meiner det må handsamast lokalt. Eg ser mange fordelar, men også ein del ulemper, seier han.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.