Hopp til innhold

Skeptisk til kommunalt eigarskap

- Det er ikkje bra at to fylkeskommunar er medeigar i Widerøe, meiner førstemanuensis på Handelshøgskulen BI.

Widerøe-fly

- Eg forstår ikkje poenget med fylkeskommunale eigarar av eit fylkeselskap, seier førstemanuensis på Handelshøgskulen BI, Espen Andersen til dn.no .

- Drog i kvar sin retning

Espen Andersen, førsteamanuensis ved BI

- IKKJE BRA: Espen Andersen, førsteamanuensis ved BI er ikkje imponert over salet av Widerøe.

Foto: Alexander Hagstadius

Fredag vart det klart at Sogn og Fjordane fylkeskommune gjennom Fjord1 saman med Nordland fylkeskommune og Torghatten har kjøpt flyselskapet Widerøe.

SAS eig framleis 20 prosent av selskapet.

- SAS har hamna i den posisjonen dei er i dag i stor grad på grunn av at dei statlege eigarane har drege i kvar sin retning og vore opptekne av sine eigne agendaer, seier han.

Kan fort snu

Andersen presisisrer at Widerøe går bra i dag, men at det fort kan snu.

- Kjem ein i ein situasjon der kundane vil noko og eigarane noko heilt anna, kan det skape problem.

Andersen fryktar at det kommunale eigarskapet kan føre til at ein held liv i ruter som ikkje er liv laga.

- Om Widerøe vil leggje ned ruter dei ikkje tener pengar på er eg redd fylkeskommunane kan gripe inn for å hindre dette. Men ein kan ikkje halde liv i noko berre fordi det tener ein landsdel, seier han til avisa.

Burde bli fri SAS

Andersen meiner også at Widerøe burde bli frigjort heilt frå SAS, slik at dei kunne velje sjølve kven dei ville samarbeide med.

- Widerøe hadde hatt godt av det, seier han.

Næringsminister Trond Giske ser ingen problem med den fylkeskommunale eigarskapen, og er godt nøgd med handelen mellom SAS, Torgehatten Fjord 1 og Nordland fylkeskommune.