Hopp til innhold

Skeptisk til Helse Førde-«taxi»

Styreleiar Clara Øberg i Helse Førde vurderer å gå mot forlaget om at Helse skal overta pasientkøyringa som taxinæringa i dag står for.

Vidar Vie og Clara Øberg

TUNGE SAKER: Styreleiar Clara Øberg og konst. adm.dir. Vidar Vie på fredagens styremøte.

Foto: Bård Siem (mms) / NRK

Forlaget frå administrasjonen om at helseføretaket sjølve skal stå for pasienttransporten, har skapt sterke reaksjonar.

Drosjenæringa fryktar for levebrødet, dersom dei misser sjukehus-køyringa. Idag, fredag, skal styret i Helse Førde ta stilling til forslaget.

– Saka er ikkje blitt drøfta formelt av styremedlemmene, men eg er innstilt på å reise tvilen på styremøtet fredag, seier styreleiar Clara Øberg til Firda før møtet.

Administrasjonen vil spare pengar ved å ha eigne bilar som fraktar pasientar som er for friske til ambulansetransport, men Øberg trur omleggingar av pasientransporten må sjåast i ein større samanheng. Helse Førde må også ta omsyn til følgjene det vil få for innbyggjarane, meiner styreleiaren.

Drosjenæringa har spådd taxi-død i utkantane dersom ein blir fråteken helsekøyringa.