Hopp til innhold

Skeptisk til ferjesveler i automat

Engasjementet har vore stort etter at det vart klart at dei nye el-ferjene som skal trafikkere Anda-Lote ikkje har nok straum om bord til at ein kan produsere sveler.

Kjell "Kjellen" Bigset

GLAD I SVELER: Bussjåfør og sveleelskar Kjell «Kjellen» Bigset.

Foto: Eivind A. Pettersen / NRK

– Eg må ærleg innrømme at dette var eit sjokk. Sjølv om eg ikkje har hår til det så fekk eg bakoversveis likevel, seier Kjell «Kjellen» Bigset.

Bussjåføren og sveleelskaren frå Sunnmøre er ikkje nådig når han får høyre at Fjord1 har teikna avtale med Minibakeriet på Eid – som skal produsere sveler som skal seljast i svele-automatar om bord.

– Lage sveler på land og ha dei i ein automat? Kva fakerten blir det neste. Men på den positive sida så er det betre med sveler enn ikkje sveler.

Høyr heile intervjuet med «Kjellen» her: