NRK Meny
Normal

Skeptisk til ein halv million meir i året

Gaular, Førde, Jølster og Naustdal kan årleg få 400 000 kroner ekstra om dei slår saman næringsfonda sine. Men Gaular-ordføraren er ikkje spesielt interessert.

Mathias Råheim

SKEPTISK: Gaular-ordførar Mathias Råheim er redd pengar kan gå andre kommunar til gode før Gaular, dersom dei blir med på eit felles næringsfond.

Foto: Eirik Hildal / NRK

Han er redd pengane kan gå dei andre kommunane til gode før Gaular, dersom dei går med på eit felles fond.

– Eg er litt skeptisk, ja. Eg er oppteken av at søknadane frå Gaular først og fremst må få nytte næringsfondet. Einaste argument eg ser er at vi får nokre hundre tusen meir, men då er dei ikkje øyremerka, seier ordførar Mathias Råheim (H).

Ser berre fordelar

Det er ikkje første gong det er snakk om samanslåing av fonda, men Sunnfjord-firkløveret har ikkje blitt samde. No er saka oppe på ny.

Naustdal kommunestyre og Førde bystyre har allereie vedteke at dei vil slå saman dei fire fonda ved årsskiftet. I Jølster er ikkje vedtaket gjort, men dei, er og har heile tida vore positive, seier ordførar Oddmund Klakegg. I Gaular skal saka opp i kommunestyret i slutten av juni.

Ole John Østenstad

VIL SLÅ SAMAN:

Foto: Guro Kvalnes / NRK

I Førde ser rådmann og saksutgreiar Ole John Østenstad, berre fordelar med ei samanslåing. Han peikar på at det vil vere det same styret, med ordførarane i dei fire kommunane, som styrer kven som får støtte. Østenstad trur samanslåing kan vere med på løfte fram større satsingar.

– Vi er eit tett og integrert bu- og arbeidsområde der vi må sjå tiltaka i høve til næringsfond i samanheng. Det andre er at vi får 400.000 kroner meir, seier han.

Råheim meiner dei allereie ser tiltaka i samanheng, og peikar på at ein berre kan søke om pengar inntil ein viss sum. Det poenget ser Østenstad. Han ville gjerne hatt meir fridom til korleis ein brukar næringsfonda, med høgare tilskotsgrense og breiare definisjon av næringstiltak.

– Det ville ha vore ein fordel, seier han.

Uvisse om konkurransevriding

Det har også vore stilt spørsmål om ei samanslåing vil auke moglegheita for at søknader blir avvist fordi det kan føre til konkurransevriding.

I ei konsekvensutgreiing frå Sunnfjord Næringsutvikling, brukar dagleg leiar Rolf Sanne-Gundersen frisør som døme. Om ein ny frisørsalong søkjer om støtte i Førde vil den ikkje få det, fordi det finst fleire, og den nyaste dermed kan velte drifta for ein annan.

– Det vil ikkje bli sett på som konkurransevriding om ein gir støtte til ein frisørsalong i ein av dei mindre kommunane, sjølv om det allereie finst i Førde. Kundegrunnlaget kan vere eit heilt anna i den kommunen, og behovet kan vere stort sjølv om det allereie er frisør i Førde, skriv Sanne-Gundersen.

Ved utgangen av fjoråret var den samla summen for fonda i dei fire kommunane på 6,8 millionar kroner.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser