Deponiet kan skape frykt blant innbyggjarane i kommunen og skade Masfjorden sin natur- og miljøprofil, skriv rådmannen, som og fryktar at eigedomsverdiane i området kan falle.
Også for fiske og oppdrett kan eit deponi verke negativt, meiner Masfjord-rådmannen.
Ordførar Håkon Matre i Masfjorden seier at deponiet ikkje er skadeleg, men han fryktar likevel at det kan verke negativt for nabokommunane.