Hopp til innhold

Fylkesordføraren skeptisk til å finansiere veg i nabofylket

Medan Framstegspartiet i Møre og Romsdal ynskjer å forskottere pengar for å ruste opp vegen mellom Hornindal og Møre og Romsdal, er fylkesordførar Jon Aasen skeptisk til planane.

Jon Aasen er skeptisk til å gje lovnadar om pengar til veg i nabofylket.

SKEPTISK: Jon Aasen, fylkesordførar i Møre og Romsdal er skeptisk til å love pengar til veg i nabofylket.

Foto: Montasje NRK

– At Møre og Romsdal fylke hundre prosent skal bygge vegen, det trur eg vi må diskutere litt. Verken eg eller andre politikarar her må love å bygge ut denne vegen utan å ha politisk ryggdekning i eige fylke, seier fylkesordførar Jon Aasen frå Arbeidarpartiet.

Mellom Grodås i Hornindal og grensa til Møre og Romsdal går det ein 14 kilometer lang og humpete veg. 250 millionar kroner vil det koste å ordne vegen. No har fleire i Møre og Romsdal sett seg så leie på vegstandarden der at dei er villege til å løyve pengar for å få fortgang i opprustingsarbeidet.

Usamde om prioritering av vegen

I dag skal fylkesutvalet i Sogn og Fjordane på synfaring på vegen. Fylkesleiar i Framstegspartiet i Møre og Romsdal, Frank Sve har stått i bresjen for å få vegen omgjort til riksveg.

– Det er ein kjempeviktig veg for Møre og Romsdal og burde vere det for Sogn og Fjordane også, sa han til NRK tidlegare.

Trass i at også politikarane i Sogn og Fjordane er klar over standarden på vegen, så har dei likevel prioritert vegstrekninga på Fylkesveg 60 ned, heller enn opp dei siste åra. Den skulle opphavlege vore neste veg ut etter opprusting av Olden-Innvik, men i desember i fjor vart det vedteke å skuve vegen ned på tredjeplass.

Frank Willy Djuvik

JA, TAKK: Frank Willy Djuvik, fylkesleiar i Framstegspartiet, vil gjerne at Møre og Romsdal finansierer vegen mellom Grodås og Møre og Romsdal.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Dei siste signala frå Møre og Romsdal om økonomisk bidrag til opprusting, har difor falle i særs god jord over fylkesgrensa.

– Gode tilbod som måtte kome frå nabofylket i nord vil vi ta i mot og sjå positivt på, seier fylkesvaraordførar Jenny Følling, frå Senterpartiet.

Også fylkesleiar i Framstegspartiet, Frank Willy Djuvik, ynskjer ei forskottering frå naboane i nord velkome.

– Det høyrest veldig positivt ut. I realiteten er det berre eit resultat av det som skjedde i 2010. Då fylkeskommunen tok over vegar som dei ikkje har pengar til å realisere eller halde ved like, seier Djuvik.

Kan gå med på spleiselag

Sjølv om Framstegspartiet i nabofylket, og 50 verksemder på begge sider av fylkesgrensa har engasjert seg i saka, så er ikkje Aasen like positiv til å kome med lovnadar om finansiering. Han seier saka må gjennom ein grundig prosess før ein kan kome med ei endeleg avgjerd.

– Det er heilt rett at vegen er viktig for indre og søre Møre og Romsdal. Det er ein av dei dårlegaste vegane vi køyrer på. Men det er også mange vegar her som har dårleg standard i høve det innbyggjarane våre ynskjer, så vi må sjå det opp mot prosjekt i eige fylke før vi kan bygge vegar i nabofylket.

– Så du seier ja til eit spleiselag, men nei til forskottering?

– Ja, det er i grunn ei riktig tolking. Eg kan i alle fall ikkje vere veldig positiv utan å ha ryggdekning i eige fylke, seier Aasen.