Men styreleiar Sveinung Sandvik i Vestnorsk Havbrukslag er ikkje særleg oppglødd. - Det er fleire problem knytt til sterilisering, både praktiske, dyreetiske og ikkje minst marknadsmessige problem, slik at eg trur det ligg ein del år fram i tida, seier han.
Arkivfoto: Heidi Lise Bakke, NRK
Rogna får trykksjokk
Til no i år har over 700.000 oppdrettlaks rømt frå norske oppdrettsanlegg. Ved å gi fiskerogna trykksjokk blir neste generasjon oppdrettslaks steril, og det hindrar den i å krysse seg med villaksen. Inngrepet er enkelt, men likevel omstridd i fagmiljøet. - Korleis vil marknaden reagere på fisk som er endra på, folk kan dra parallellar til gentukling, undrast Sandvik.
- Eitt av fleire verkemiddel
Men ifølgje informasjonssjef Olav Lekve i Fiskeridirektoratet er sterilisering av oppdrettslaks eit tiltak som no skal vurderast. - Sterilisering er eitt av fleire verkemiddel som vi vil greie ut. Vi lagar ei fagleg utgreiing og gir råd vidare til Fiskeridepartementet, seier han.
Villaksen skal vernast. Arkivfoto NRK
Unngår kvalitetsproblem
Geir Lasse Torvanger i Havforskingsinstituttet meiner verknadane kan verte positive for oppdrettsnæringa. - I dag er det store tap fordi fisken misser kvalitet når han blir kjønnsmogen. Men den viktigaste grunnen til at dette blir vurdert er at vi kan fjerne risikoen for at oppdrettslaksen får krysse seg med villaks og dermed få negative effektar på den ville fisken, seier Torvanger.