Skavøypoll snudde 0-3 til 4-3

Til pause såg gjestene frå Måløy ut til å hente heim alle poenga. Men vertane Skavøypoll ville det annleis.

Tornado Måløy leia 3-0 til pause, men etter kvilen snudde kampen fullstendig. Fire mål i løpet av 45 minutt sikra Skavøypoll tre særs viktige poeng i kampen om å overleve i 3. divisjon.

Magnus Nore vart dagens helt for heimelaget då han i sluttminutta sette inn sitt andre mål for dagen.

16. RUNDE I 3. DIVISJON

Skavøypoll - Tornado Måløy 4-3 (0-3)

Skavøypoll stadion

Kampen er i gang

0-1 Per Jarle Mathisen

0-2 Birger Silden

0-3 Torstein Rutledal

Storebror frå Måløy leiar til pause.

Kampen er i gang att.

1-3 Magnus Nore

2-3 Per Magne Løken. Straffe

3-3 Stian Åmelfot

4-3 Magnus Nore

Slutt

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.