Skaut to jervar i Feigedalen

To jervar blei skotne i fjellområdet mellom Årdal og Luster denne veka, seier Rein Arne Golf i Statens naturoppsyn. DNA-prøvar gjorde at dei blei kjende med at ei tispe gjekk ved Feigedalen. Måndag fann dei ein hannjerv som blei teken ut. Dagen etter blei også tispa avliva. Ho hadde ikkje ungar. Golf veit ikkje om det er fleire jervar i Luster akkurat no. – Vi gjorde nokre søk elles i fjellområdet også, utan at vi såg nokon spor. Men jervar kjem og går her heile tida, så det er vanskeleg å seie om det er fleire no, seier Golf. Han fryktar han ikkje ein ny jervesommar. – Vi har hatt sett veldig lite aktivitet av jerv i år samanlikna med tidlegare år.

Jerv i Luster
Foto: SNO - Aurland, rovviltseksjonen