NRK Meny
Normal

Skaut seg til gull under landsskyttarstemnet

15 år gamle Jon-Hermann Hegg frå Hegg skyttarlag i Lærdal skaut ti innertiarar og sikre seg dermed topplasseringa under Landsskyttarstemnet i Sandnes.

Jon-Hermann Hegg

TIL TOPPS: Jon-Hermann Hegg frå Hegg skyttarlag i Lærdal vann feltskytinga i eldre rekrutt, noko han er svært glad for.

Foto: Jørn Njøs

Gullet tok han i klassen eldre rekrutt på 100 meter bane. Det enda med 350 poeng og fullt hus der han prikka samtlege skot i sentrum.

– Eg hadde trua og fekk godkjensla, så eg var sikker på å vinne, seier 15-åringen.

Han fortel at han ikkje var nervøs under sjølve skytinga i dag.

– Men då anvisinga kom var eg nervøs, for eg var usikker på siste skotet. Heldigvis var det nok ein innertiar.

Gullet heng høgt

Dermed blei det 10 strake innertiarar i finaleomgangen. Han er glad for at det blei gull i dag.

– Dette gullet heng like høgt som det i fjor, fortel han.

Hegg byrja å skyte allereie som seksåring, men tok til aktivt då han var rundt 10. 15-åringen har hatt ei god utvikling og også i fjor vann han, då var han førsteårs eldre rekrutt.

Feltskyting i morgon

For å klare slike prestasjonar, seier Hegg det er viktig å ha nervane under kontroll.

– Det gjeld å puste og sjå godt. Det er viktig å ha gode avtrekk og ligge i ei bra stilling.

I morgon er det feltfinale og Hegg har god tru på at han skal gjere det bra der.

– Eg må prøve på det same som i dag. Det er alltid eit mål å vinne, seier han.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå