NRK Meny
Normal

Skaut seg sjølv i foten

Ein mann i 20-åra er sendt til sjukehus etter eit uhell på ein skytebane i Florø.

– Ein person har skote seg sjølv i beinet ved eit uhell, opplyste operasjonssentralen i Vest politidistrikt like etter 19:30 tysdag kveld.

Ambulanse blei sendt til staden og mannen blei første behandla der. Mannen skal ha fått skader i leggen.

– Han skal vere oppegåande og bevisst, men blir no teken med til Førde sentralsjukehus. Politiet er på staden for å undersøkje kva som har skjedd, men det ser ut som det er eit uhell, seier operasjonsleiar Terje Magnussen.

Hendinga skjedde ved skytebana på Grovastølen. Pistolen skal vere ein 22 kaliber.

– Politiet har oppretta sak, og det er teke avhøyr og gjort åstadsundersøkingar.

På skytetrening

Leiar Roy Pedersen i Florø pistolklubb seier at uhellet skjedde i samband med organisert skytetrening. Han sjølv var ikkje til stades på skytebana, men seier at mannen var på si første trening på bana.

– Han har fått instruksjon og rettleiing, men har vore uheldig og fått ei varm tomhylse ned med nakkekragen og dermed gjort nokre refleksbevegelsar. Slik eg forstår det, skal det ikkje vere brot på tryggleiksrutinar. Det er snakk om eit hendeleg uhell, og det skal ikkje ha vore fare for andre.

– Ein klubbleiars skrekk

Verken politiet eller Pedersen kan seie noko om kor mange som var til stades då uhellet skjedde. No skal pistolklubben gå gjennom det som har skjedd.

– Vi må sjå om vi kan trekkje nokre slutningar som kan forhindre slikt i framtida. Vi vil også sjå kva politiet kjem fram til.

– Skjer det ofte slike uhell som dette?

– Nei, det er heldigvis svært sjeldan. Dette er ein trygg sport.

– Kva tenkte du då du fekk beskjeden?

– Det er jo ein klubbleiars skrekk i alle skyttarorganisasjonar. Det er slikt vi ikkje vil høyre om og ikkje oppleve. Det set jo tankar i sving, men eg forstår at dette var eit uhell, seier Pedersen.