Hopp til innhold

Skaut på hus i Gaular

Eit amerikansk ektepar som ferierer i Gaular oppdaga torsdag at nokon har skote på huset deira med salong-gevær.

Huset er til vanleg ubudd, men då eigarane kom på ferie oppdaga dei 20-30 skot i veggen. Ei rute var knust, og både veggar og vindaugskarmar var fulle av kuler.

Saka er meld til politiet, men politiet trur ikkje skyttaren eller skykttarane har hatt noko spesielt motiv for å skyte på det aktuelle huset. Dei ønskjer likevel å kome i kontakt med folk som kan ha tips om saka.

Huset ligg på Korsvoll, mellom Osen og Sande.