Hopp til innhold

Skaut ny jerv i Luster

Onsdag i førre veke var det skote endå ein jerv i Luster. Det er den fjerde jerven som er skoten i Sogn og Fjordane i år.

jerv

SKAUT JERV: Onsdag vart det skote jerv både i Midtdalen i Luster og Finndalen i Oppland.

Foto: Jørn Nordli / NRK

– Den 27. april vart det felt ein jerv i Midtdalen, innanfor Nørstedalsseter. Det vart og tatt ein i Finndalen i Oppland, seier Rein Arne Golf i Statens naturoppsyn.

Begge jervane var hanndyr. Totalt er det i år skote fire jervar i Sogn og Fjordane og ein i Eidfjord i Hordaland, som også er i region 1. I tillegg var det førre veke altså også skote ein jerv i Oppland, rett på andre sida av fylkesgrensa.

Rein Arne Golf

OVERVAKAR JERVEBESTANDEN: Rein Arne Golf er rovviltansvarleg i Statens naturoppsyn

Foto: Dag Harald Kvammen Anderssen / NRK

– Det fortel oss ikkje så mykje om kor mykje jerv det er i området, fordi jerven vandrar mykje. Kvar dei er til ei kvar tid er ikkje godt å seie, seier Golf.

Ser sommaren lysare i møte

Blant sauebøndene gjer dei mange jervefellingane i vinter at dei ser sommaren noko lysare i møte.

– Det er klart at dette vil merkast. Vi er veldig nøgde med at Miljødirektoratet i vinter har tatt ut jerv for å førebygge skade, seier Arne Rebni Øvreås, som er rovviltkontakt i Skjolden sankelag.

I fjor sommar hadde dei etter måten lite skadar, men ein skal ikkje så langt attende i tid før situasjonen var ein heilt annan . Sjølv om det er skote mange jerv i vinter, er det framleis dyr igjen i området.

Arne Rebni Øverås

NØGD MED JERVEJAKTA: Arne Rebni Øvreås er rovviltkontakt for sankelaget i Skjolden.

Foto: Privat

– Det er blant anna ei jervetispe som går på Årdals-halvøya som er skummel. Heldigvis har Miljødirektoratet sagt at dei vil prøve å ta den ut, seier Rebni Øvreås.

Buffersone

Slik Rebni Øvreås ser er det, er det to tiltak som er viktig for å redusere rovdyrproblema i beiteområda i Sogn. Jervebestanden må reduserast, og det må etablerast ei buffersone mellom beiteområda for sauer og yngleplassane for jerv.

– Førre vinter var det to ynglingar rett på andre sida av fylkesgrensa, noko som gir oss nye jervar som kjem inn i vårt område. Får vi ikkje ei buffersone, så kjem problema til å dukke opp igjen og igjen, seier Rebni Øvreås.