NRK Meny
Normal

Skaut fullt hus, men mangla krutt i beina

Stryningen Tarjei Bø vart nummer sju på dagens skiskyttarsprint i Pokljuka trass i feilfri skyting.

Tarjei Bø skyter fullt også på andre skyting.

ANDRE SKYTING: Full klaff for Tarjei Bø på skytinga. Litt dårlegare gjekk det i skisporet.

– Eg er litt skuffa. Eg trudde det fysiske skulle vere mi styrke innleiingsvis denne sesongen, men det er skytinga som har vore bra. Eg er skuffa over at eg ikkje er på pallen på eit lag som dette, innrømmer Tarjei Bø.

Det vart russisk siger på skiskyttarsprinten i Pokljuka då Anton Sjipulin gjekk over målstreken. Beste norske var Emil Hegle Svendsen som hamna på ein tredjeplass.

Tarjei Bø gjorde som Emil Hegle Svendsen, og skyt ti treff. Han gjekk difor ut på ein femteplass, og måtte ta inn rundt ti sekund på Svendsen for å komme på pallen, men hamna til slutt på ein sjuande plass.

– Det einaste positive var at eg slo Johannes. Det er ein liten bonus. Vi får leggje ein plan for å slå knallhardt tilbake i morgon, seier storebror Bø.

Veslebror Johannes leia etter liggande skyting, men bomma to gonger på ståande. Han vart nummer ti.

Han tok seg dårleg tid på ståande, og seier etterpå at han trudde han låg dårlegare an enn han faktisk gjorde.

– Vi veit ikkje kor vi ligg før etter siste skyting. Sånn er det, konstaterer han overfor NRK.

Laurdag er dei klare for jaktstart og det er Svendsen som ligg best an av dei norske skiskyttarane.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.