Hopp til innhold

Skaut full pott på Kongelaget

FØRDE (NRK): – Det var heilt forferdelig når eg la fingeren på avtrekkaren, seier skyttaren frå Sande i Gaular etter skytinga si.

Elisabeth Skudalsnes

10 AV 10: Det vart full pott for Elisabeth Skudalsnes under Landskyttarstemnet. Det heldt likevel ikkje til tittel som Skyttarprinsesse i år.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

Skudalsnes skaut 10 av 10 treff, og fekk 100 poeng av 100 moglege. Det gjer Elisabeth Skudalsnes til tredje beste jente etter hennar skyting med Kongelaget, med 346 poeng i konkurransen.

Det heldt likevel ikkje heilt til topps, og tittelen som Skyttarprinsesse glapp. Til slutt enda Skudalsnes på ein respektabel 6. plass i konkurransen og tredjeplass blant jentene. Det er karrierebeste på LS.

– Eg såg eg hadde mange skot høgt. Eg kunne skote bedre hvis eg hadde roa meg meir ned, seier Skudalsnes rett etter skytinga.

Mykje nerver

Det blas litt opp rett før Elisabeth Skudalsnes skulle i vinden. Ho har tidlegare ikkje fått alt til å stemme på Landskyttarstemnet.

No har ho gjort sitt beste Landskyttarstemne gjennom tidene, uansett kva som blir resultatet for dei andre skyttarane.

– Det er sinnsjukt deileg. Eg har streva med det her i mange år, seier ho.

Og sjølv om nervene i ein finale med Kongelaget er ikkje lette å hanskast med, haldt ho i mål til full pott.

– Det var heilt forferdeleg når det starta. Med ein gong starta ristinga innvendig, seir ho.

Gledesmøte

På sidelinja sit sambuar Andreas og har følgt spent med på skytinga til Elisabeth Skudalsnes. Han har vore ein støttespelar i vegen fram mot kongelaget.

Han får mykje av rosen frå Elisabeth når ho står med blomane i hendene.

– Han har hjelpt meg mykje til å fokusere riktig. Det er heilt avtjerande at vi har fått snakke så mykje i lag, silk at eg går inn i skytinga med ei god kjensle, seier Skudalsnes.

Sambuaren sjølv har sjeldan vore meir stolt.

– Eg har ikkje ord. Eg er ufatteleg stolt, seier han før han tek i mot Skudalsnes i ein sigersklem.

– Eg såg på Elisabeth når ho skaut at ho hadde full kontroll. At ho skaut 100 var skikkeleg kult, og at ho gjorde det ein gong til i omskyting er enda kulare, seier den stolte sambuaren.

Therese Skudalsnes

GLEDE: Elisabeth Skudalsnes takka sambuaren for støtta fram mot skytinga med Kongelaget.

Foto: Thomas Brakstad / NRK