Hopp til innhold

Skattesvikt på 100 millionar kroner for kommunane

Kommunane i Sogn og Fjordane ligg an til å få ein svikt i skatteinntektene, og det er dei med negativ folketalsutvikling som kjem dårlegast ut.

Statens hus i Leikanger

SKATTESVIKT: Kommunane ligg an til å få vesentleg mindre skatteinntekter enn venta til neste år. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane trur det vil ramme viktige tenestetilbod.

Foto: Ottar Starheim / NRK

For eitt år sidan la kommunane til grunn ein skattevekst på seks prosent i 2014. Resultatet har berre blitt fjerdeparten.

Her i fylket ligg kommunane an til å få ein svikt i skatteinntektene på nær 100 millionar kroner i år.

– Det er nok ein kombinasjon av svakare vekst i nasjonaløkonomien og nedgang i folketalet, seier seniorrådgjevar Kåre Treen hos Fylkesmannen.

Kraftkommunane greier seg best

Skattesvikten er stor over heile landet – kring 2,8 milliardar lågare enn forventningane.

– Det starta allereie på slutten av fjoråret, då ein såg at veksten i skatteinntektene vart lågare, seier Treen.

Men det er enkelte kommunar som kjem betre ut enn andre. Her i fylket er det snakk om kraftkommunar som Aurland, Luster, Bremanger og Vik.

– Det kan ha si forklaring i at naturressursskatten, altså kraftskatten, også inngår i desse skatteinntektene, seier Treen.

Statsministeren seier nei til kompensasjon

Svikten i skatteinntektene var også eitt av tema i Stortinget onsdag. Der vart statsminister Erna Solberg spurd om kommunane som no må kutte i til dømes eldreomsorga, kan håpe på statleg kompensasjon for inntektstapet.

Statsministeren sa kontant nei.

Erna Solberg sitter i stortingssalen og holder opp to ark

BLANKT NEI: Statsminister Erna Solberg seier det ikkje er aktuelt å gje statleg kompensasjon for inntektstap etter skattesvikten.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

– Vi har lagt fram vår saldering til handsaming i Stortinget og vi har ikkje føreslege å kompensere svikten i år, sa Solberg.

Dermed vil kommunane dra skattesvikten med seg over til neste år. Det kan ramme viktige tenestetilbod, seier Treen.

– Det gjeld gjerne dei største tenesteområda som omsorg, skule og barnehage. Så det blir nok ein krevjande situasjon for kommunane også i 2015, seier han.