Men det er kommunane, som budsjetterer etter regjeringa sin prognose, som må ta støyten. For Askvoll kommune betyr det eit nytt inntektstap på nærare to millionar kroner.
Kutt i tenester
– Dette vil føre til kutt i tenestetilbodet i Askvoll. Eit slik inntektstap kombinert med lågare rammeoverføringar frå staten gjer at vi får mindre å drifte kommunen for, seier varaordførar i Askvoll, Bjørn Arne Mjåseth.
Askvoll er ein av fleire småkommunar i Sogn og Fjordane som no må leggje til eit nytt millionbeløp på allereie oppsamla underskot. Økonomien i kommunen er så skral at formannskapet i går avgjorde å søke om kassakreditt på 15 millionar kroner, mellom anna for å kunne betale ut løn til dei tilsette ut året. Og på toppen kjem altså ein ny skattesmell.
Dårlege utsikter
I vår justerte regjeringa anslaget for skatteinngangen, noko som betydde om lag 22 millionar mindre i inntekter til kommunane.
– Men om trenden held fram, betyr det ein yttarlegare reduksjon. Dermed blir det nye milliontap for mange av kommunane i Sogn og Fjordane dersom ikkje skatteinngangen på landsbasis betrar seg, seier Gerd Fløde Bjørlo ved Fylkesmannen.