NRK Meny

Skattesmell for bønder i Sogndal

Eit nytt takstgrunnlag for våningshus og kårhus skapar stor frustrasjon hos bønder i Sogndal kommune, skriv Sogn Avis. Til dømes fekk eit kårhus på Årøy fekk ein takstauke frå 250.000 kroner til 1,6 millionar. Endringane betyr ei dramatisk auke i eigedomsskatten. Kommunen si nye plattform for skatting skal på høyring, og formannskapet er ein av høyringsinstansane. Ordførar Jarle Aarvoll seier til Sogn Avis at takstgrunnlaget har stått stille i mange år.