Hopp til innhold

Skattesmell for bøndene

Den nye skatteforma i regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett vil medføre store ekstrakostnader for bøndene, særleg for dei som har dyre fjøs, skriv Firda. Regjeringa føreslår å redusere avskrivingssatsen på husdyrbygg. Har ein eit fjøs til ein verdi av sju millionar kroner vil dette gi 140.000 kroner i reduserte avskrivingar. – Det betyr fort 40.000 til 50.000 kroner i auka skatt, seier avdelingssjef i Norges Bondelag, Arnstein Tveito, til Nationen, skriv Firda.