Hopp til innhold

Skattekontrollen sviktar i Sogn

Årdal kommune greier ikkje å kontrollera at bedriftene i Sogn betalar arbeidsgjevaravgifta. Det kan bety færre skattekroner i kommunekassane.

Odd Arve Rakstad

SÅRBART: Odd Arve Rakstad, avtroppande leiar i rådmannsgruppa i Sogn regionråd, ønskjer å slå saman arbeidsgjevarkontrollen i Årdal med skatteinnkrevjinga i Sogn.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Det er jo leitt, seier Odd Arve Rakstad, rådmann i Leikanger og avtroppande leiar i rådmannsgruppa i Sogn regionråd.

Rakstad er lite nøgd med at kommunane i Sogn ikkje har kontroll på at bedriftene betalar den arbeidsgivaravgifta dei skal. Årdal kommune, som har ansvaret for denne arbeidsgivarkontrollen i ni kommunar i Sogn, greier nemleg ikkje å gjera føra skikkeleg tilsyn.

Det kan bety mindre pengar til kommunal eldreomsorg, barnehage og skule.

Færre skattekroner

– Me når ikkje dei måltala som styresmaktene har sett krav om, og sjølvsagt kan me missa ein del inntekter til kommunane, seier rådmann Alf Olsen jr. i Lærdal.

Alf Olsen jr. er rådmann i Lærdal

FOR FÅ KONTROLLAR: – Sjølvsagt kan me missa ein del skatteinntekter til kommunane, seier rådmann Alf Olsen jr. i Lærdal.

Foto: Kamilla Follevåg

Årdal kommune skal ha to kontrollørar i 100 prosent stilling, som skal stå for tilsyna i midtre og indre Sogn. Men sjukefråvær og problem med å rekruttera fagfolk har ført til at kommunen dei siste to åra ikkje har gjort dei kontrollane dei skal.

– Det er beklageleg, seier økonomileiar Geir Hansen i Årdal kommune:

– Når me har kome i denne situasjonen, har me prioritert kontrollar der det har vore mest påkravd.

Samanslåing

I Sogn og Fjordane er arbeidsgivaravgifta 10,6 prosent. Dersom bedriftene ikkje betalar denne skatten, tapar storsamfunnet mykje pengar.

Fleire rådmenn i midtre og indre Sogn ønskjer difor å slå arbeidsgivarkontrollen i Årdal saman med skatteinnkrevjinga i kommunane.

– I dei små kommunane i Sogn er det få personar som arbeider med skatt. Det er sårbart ved fråvær og permisjonar. Ei eventuell samordninga av skatteinnkrevjarjobben kan då sjåast i samanheng med kontrollen av arbeidsgjevaravgifta, seier Rakstad.

Ventar på Årdal-svar

Rådmennene i Lærdal og Sogndal har fått i oppgåve å lodda interessa for å slå arbeidsgivarkontrollen i Årdal saman med skatteoppkrevjinga. Lærdalsrådmann Alf Olsen jr. har spurd både rådmannen og ordføraren i Årdal, men har ikkje fått svar.

Rådmann i Årdal, Olve Fossedal, har ikkje kunna stilla til intervju for å svara på om ei samanslåing kan vera aktuelt og kvar ei slik eining eventuelt skal liggja.

Økonomileiar Geir Hansen er på generelt grunnlag ikkje avvisande til ei samlokalisering:

– Me er positive til å byggja opp fagmiljøet ytterlegare og til samlokalisera ressursar.

Staten tek over?

Skattefloken i Sogn kan få ei heilt anna løysing dersom Regjeringa får det som ho vil. Høgre og Framstegspartiet ønskjer nemleg å statleggjera både arbeidsgjevarkontrollen og skatteinnkrevjinga.

Saka blei utsett i Stortinget før sommaren, men kom igjen med i Regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett for 2016.

Dersom framlegget ikkje vinn fram, er ei samanslåing løysinga, meiner Rakstad:

– Då kunne me ha bygd opp eit større fagmiljø med betre høve for spesialisering.