Hopp til innhold

Skatt Øst har tilsyn hos Sogndal

Skatt Øst har i dag tilsyn hos Sogndal Fotball. Klubben er ein av seks klubbar som no blir granska for ulovleg lønnsutbetalingar til estiske spelarar.

Egil Mundal

BESØK: Dagleg leiar Egil Mundal i Sogndal Fotball har i dag besøk av Skatt Øst.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Jan Egil Kristiansen, leiar for skattekrimavdelinga ved Skatt Øst, seier dei i dag vil gå gjennom kontraktar, lønnsutbetalingar og andre dokument hos Sogndal.

– Vi kjem til å gå gjennom dei aktuelle dokumenta som har med dei estiske spelarane å gjere, seier Kristiansen til NRK.no.

Skal ha bokettersyn i fem klubbar

Bakgrunnen for bokettersynet hos Sogndal er opprullinga av den såkalla Piiroja-saka i Fredrikstad Fotball. Til saman er åtte personar i laget frå plankebyen sikta etter at den estiske spelaren Raio Piiroja har fått ulovlege lønsutbetalingar.

Pengane skal ha gått frå Fredrikstad til agenten til spelaren, og så tilbake til spelaren. Utbetalingane er blitt gjort på ein slik måte at det ikkje har blitt betalt skatt etter lova.

I etterkant av avsløringane i Fredrikstad har Skatt Øst bestemt seg for å gå fem andre klubbar nærare i saumane. Dette er Tromsø, Ålesund, Bodø/Glimt, Hønefoss og Sogndal.

På plass i Sogndal

Onsdag er to representantar frå Skatt Øst i gang med å samle inn informasjon hos Sogndal Fotball. Klubben er varsla på førehand om besøket.

– Vi ønskjer å undersøke dei same tinga som vi gjorde i Fredrikstad i den såkalla Piiroja-saka. Dette handlar om at det skal vere utbetalt pengar til spelaren som ikkje er oppgitt til skattestyresmaktene, seier Kristiansen.

Han seier at dei førebels ikkje kjem til å reise til Tromsø.

– Nokon gonger ber vi verksemdene om å sende opplysningane til oss, medan vi andre gonger sjølv går ut og hentar inn opplysningane, seier Kristiansen.

Ventar på svar frå Estland

Parallelt med bokettersynet i klubbane hentar Skatt Øst også inn opplysningar frå skattestyresmaktene i Estland. Kristiansen seier dei er interesserte i å vite meir om eventuelle pengetransaksjonar frå agent og klubb til dei aktuelle spelarane.

– Dette var viktig for oss i den såkalla Piiroja-saka, seier Kristiansen til NRK.no.

Saka skal også ha vakse i omfang den siste tida. Skatt Øst har prioritert saka og har måtte sette inn fleire revisorar og sakshandsamarar.

– Politiet i Østfolk har stadfesta at ein også ser på andre spelarar frå andre land og andre klubbar enn Estland. Saka er utvida, og det er mykje å gå gjennom i samband med politibeslaget hos Fredrikstad Fotball, seier Kristiansen.