Hopp til innhold

Skatestraumtunnelen opnar i år

Gladmelding til bilistane i Bremanger: Skatestraumtunnelen på fylkesveg 616 blir opna tidlegare enn først venta.

Skatestraumtunnelen blir stengd i eit halvt år

OPNAR: Statens vegvesen meiner det ikkje er trygt å opne for kolonnekøyring før i september. I motsetnad til Gudvangatunnelen, blir det då kolonnekøyring for all trafikk.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Måndag 7. september blir den brannråka tunnelen opna for kolonnekøyring.

– Arbeidet ligg litt framfor dei mest pessimistiske planane. Når vi kjem til desember så reknar vi med at arbeidet går mot slutten og vi får opna tunnelen i år, seier seksjonsleiar Margot Åsebø i Statens vegvesen til NRK.

Avviklar kriseruta

Det var i midten av juli at eit vogntog mista hengaren inne i tunnelen. Hengaren med 16 500 liter bensin small i fjellveggen og byrja å brenne. Tunnelen fekk store skader og ulukka er venta å koste over 50 millionar kroner. Regionvegsjef Helge Eidsnes var klar på at tunnelen ville vere stengd ut 2015.

Røykdykkarar frå Flora brannvesen filma då dei vart dei første til å ta seg inn i Skatestraumtunnelen etter brannen.

SJÅ VIDEO: Brannen og dei etterfølgande eksplosjonane gjorde store skader på tunnelen. Røykdykkarane filma denne filmen etter ulukka.

Søndag 6. september blir ferjesambandet Kjelkenes – Smørhamn sin siste dag som kriseløysing. Frå morgonen dagen etter blir det styrt trafikkavvikling.

– Vi er ferdige med å reinske ut alt som var øydelagt av vass- og frostsikring i tunnelen, og har reinska fjellet og spylt tunnelen. No byrjar vi å sprenge naudstasjonar inn i fjellet. Vi må også grave 500 meter grøfter for å reparere øydelagde drensleidningar, seier Åsebø.

Stettar nye krav

Margot Aase Åsebø

LEIAR: – Vi håpar det vil lette situasjonen for lokaltrafikken og for pendlarar som vi veit har hatt lang reiseveg til arbeid sidan tunnelen vart stengd, seier Margot Åsebø om kolonnekøyringa som blir innført i Skatestarumunnelen.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Sprengingsarbeidet vil gå ut i neste veke, før dei legg ny vass- og frostsikring i den øydelagde delen av tunnelen. Utover blir det også nytt lysanlegg og evakueringslys gjennom heile tunnelen.

– Dette er for at tunnelen skal tilfredsstille krava i den nye tunneltryggleiksføreskriftene som gjeld for fylkesveg frå 2015, seier Åsebø.

Når kolonnekøyringa tek til frå måndag 7. september, vil den halde fram til tunnelen opnar.

– Trafikken kan gå igjennom tunnelen til faste tidspunkt gjennom døgnet. Vi må ha nokre timar mellom kvar kolonne slik at entreprenøren får jobba. Det blir heft for entreprenøren, men vi meiner det er betre enn å ha ferja gåande til arbeidet er ferdig, seier Aasebø.