Hopp til innhold

Skartun vil til utlandet

Fotballspelaren Oddbjørn Skartun håpar på eit fotballeventyr i utlandet. Sogn Avis skriv at sogndølen har kontakt med både norske 1. divisjonsklubbar og utanlandske klubbar. 27-åringen har scora 43 mål på fire sesongar i 1. divisjon og valde å ikkje forlenge kontrakten med Bryne etter nedrykket til 2. divisjon.

Oddbjørn Skartun i aksjon under Lillestrøm-Bryne i fjerde runde i Fotball-NM for menn
Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix